Godrevy

Koordinatar: 50°14′18″N 5°23′37″W / 50.23828°N 5.39373°W / 50.23828; -5.39373
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Frå Knavocks til Godrevy Point
Godrevy fyr i solnedgang, april 2007

Godrevy er eit område vest i Cornwall i Storbritannia på nordkysten ved St. Ives Bay. Området er eit populært tur- og surfeområde. Fleire område her vert styrt av National Trust.

Neset Godrevy ligg på austsida av St Ives Bay, om lag 5 km nordaust for byen Hayle. Den nærmaste landsbyen er Gwithian. Neset består av lyngheier med mange planteartar. Området er derfor klassifisert som Site of special scientific interest (SSSI, stad av særleg vitskapleg interesse).

South West kyststi går rundt heile neset. Vestsida av Godrevy Head består av klipper, medan dei populær surfestrand ligg i sør. Klippene er kring 70 meter høge. Mykje sjøfugl held til i klippene, som skarv, havhest, teist og alke, samt fleire artar måse. Det er òg mykje gråsel rundt neset året rundt. Stundom kan ein òg sjå tumlarar i området.

Godrevy Island ligg om lag 400 m utanfor Godrevy Point. Her står Trinity House fyr.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Kjelder[endre | endre wikiteksten]


50°14′18″N 5°23′37″W / 50.23828°N 5.39373°W / 50.23828; -5.39373