Godsmack
| Godsmack | |
Godsmack i 2007. F.v.: Robbie Merrill, Sully Erna, Criss Angel, Shannon Larkin og Tommy Rombola. |
|
| Sjanger | Nu metal, alternative metal, heavy metal, hard rock, post-grunge |
| Aktive år | 1995 - |
| Plateselskap | Universal/Republic |
| Nettstad | www.godsmack.com |
| Medlemmer | |
|---|---|
| Sully Erna Robbie Merrill Tony Rombola Shannon Larkin |
|
| Tidlegare medlemmer | |
| Lee Richards Tommy Stewart Joe D'Arco |
|
Godsmack er ei musikkgruppe som kjem frå byen Salem i staten Massachusetts i USA.
Historie [endre]
I februar i 1995 ville Sully Erna starte eit nytt band som han skulle leie, etter at han hadde spelt trommer i 23 år. Han danna Godsmack. Fyrste cd-en dei gav ut, heitte All Wound Up, den kom i 1997. Dei som var med da, var Sully Erna, Robbbie Merrill og Tony Rambola.
Dei begynte å spele live og Joe D'Arco var med på trommer. Da fekk dei rykte om at dei var eit bra live band og cd-en begynte å selje. Dei vart nummer 1 på lista til WAAF, ein radiostasjon i Boston. Og då den neste singlen kom ut, gjekk den også til topps.
Albumet All wound up blei spelt inn på nytt, og berre 6 veker etterpå kom dei ut med albumet Godsmack i 1998. Godsmack vart meir og meir populære og dei reiste på turne, og talet på fans og selde cd-ar voks.
I 2000 gav Godsmack ut albumet Awake. Det var utselt på alle konsertar. I 2002 vart Sully Erna spurt om han kunne lage ein song til filmen Skorpionkongen, og takka ja. Songen Godsmack skreiv, heiter «I stand alone», og kom på 1 plass av singlar på Rock Radio. Han vart den mest spelte songen i 2002 i 14 veker på rad.
Etter å ha vore på turné i fire år bestemte bandet seg for å ta ein pause. I pausen tok Shannon Larkin, ein ven av Sully Erna over som trommis for Tommy Stewart. Godsmack reiste så til Miami, der dei skreiv albumet Faceless, som kom ut i april 2003. Faceless vart det mest selde albumet den veka.
I mars 2004 gav Godsmack ut albumet The Other Side med songar som dei har hatt før, men nå akustiske. I april 2006 gav Godsmack ut albumet IV, det kom i april 2006. I desember året etter kom samlealbumet Good Times, Bad Times... Ten Years of Godsmack. Det foreløpig siste Godsmack-albumet kom ut i 2010 og fekk tittelen The Oracle.
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Godsmack» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mars 2013.