Going for the One

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Going for the One
Studioalbum av Yes
Utgjeve 22. juli 1977
Innspelt Seint 1976–våren 1977 i Mountain Studios i Montreux i Sveits
Sjanger Progressiv rock
Lengd 38:49
Selskap Atlantic
Produsent Yes
Kritikk
Yes-kronologi
Relayer
(1974)
Going for the One Tormato
(1978)

Going for the One er det åttende studioalbumet fra det engelske progressiv rock-bandet Yes, utgjeve sommaren 1977. Etter eit lengre opphald frå bandet grunna solo-prosjekt, presenterte bandet eit friskt og moderne album. Rick Wakeman kom tilbake til bandet etter at Patrick Moraz forlet Yes hausten 1976. Moraz var med på et tidleg stadium av låtskrivinga og innspelinga, men er ikkje kreditert for innsatsen sin, anna enn ein spesiell takk på innercoveret.

Albumet kom på åttandeplass på Billboard 200 i USA, nådde toppen av UK Albums Chart i Storbritannia[5] og på sjuandeplass på VG-lista topp 40 i Noreg.[6]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

På hausten 1976 møttest Yes i Sveits for å skrive låtar og spele inn eit nytt album. Etter kort tid fekk Patrick Moraz melding om at tenestene hans ikkje var ynskt meir, og Rick Wakeman vart kontakta for å medverke på albumet som studiomusikar.

Ikkje lengje etter at Wakeman var på plass, vart han av Chris Squire bede om å kome tilbake til bandet som fulltidsmedlem, noko Wakeman takka ja til fordi han likte musikken. Seinare den kvelden sat Wakeman og las den siste utgåva av musikkavisa Sounds, der han kunne lese at han var tilbake i Yes. Han syntest dette var vel kjapt levert, og spurde manager Brian Lane om dette. Wakeman hadde jo sagt ja berre få timar før. «Kvalifisert gjetting. Av og til er det slik ein manager må jobbe», var svaret frå Lane.

Musikken er denne gongen meir rock-inspirert enn nokre av dei tidlegare albuma, og tittellåten «Going for the One» og «Parallels» kan nestan klassifiserast som reine rockelåtar. Her er òg to reine balladar, «Turn of the Century» og singelhitten «Wondrous Stories». Stavinga av «Wondrous» er tilsikta og ingen skrivefeil av «Wonderous». Til slutt på albumet finn vi «Awaken», som er rekna som den siste episke komposisjonen til Yes. Dette er ein komposisjon som av Jon Anderson blir nemnt som favorittensongen hans av Yes.

Dette er òg det første av to plateomslag som er laga av Hipgnosis, som er mest kjent for plateomslaga for Pink Floyd.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Going for the One»   Jon Anderson 5:32
2. «Turn of the Century»   Anderson/Steve Howe/Alan White 7:56
3. «Parallels»   Chris Squire 5:53
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
4. «Wonderous Stories»   Anderson 3:49
5. «Awaken»   Anderson/Howe 15:31
Bonusspor 2003-utgåva
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
6. «Montreux's Theme»   Howe/Squire/Anderson/White 2:38
7. «Vevey (Revisited)»   Anderson/Rick Wakeman 4:46
8. «Amazing Grace»   Trad./arr. Squire 2:36
9. «Going for the One» (øving) Anderson 5:10
10. «Parallels» (øving) Squire 6:21
11. «Turn of the Century» (øving) Anderson/Howe/White 6:58
12. «Eastern Number» (tidleg versjon av Awaken) Anderson/Howe 12:16

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ny-utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

  • 1988 – Atlantic – CD
  • 1994 – Atlantic – CD (Remaster)
  • 2001 – Japansk Limited Edition
  • 2003 – Rhino – LP & CD (Remaster med bonusspor)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]