Going to California

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Going to California
Song av Led Zeppelin
frå albumet Led Zeppelin IV
Utgjeve 8. november 1971
Innspelt Desember 1970 – mars 1971
Sjanger Folkrock
Lengd 3:31
Selskap Atlantic Records
Låtskrivar(ar) Page/Plant
Produsent Jimmy Page

«Going to California» er ein song av det engelske rockebandet Led Zeppelin frå det fjerde albumet deira, frå 1971.

Oversyn[endre | endre wikiteksten]

Songen er ein vemodig folkaktig song med Robert Plant på solovokal, akustisk gitar av Jimmy Page og mandolin av John Paul Jones, i kontrast til dei tunge elektriske songane på resten albumet.

Songen omhandlar visstnok den kanadiske visesongaren Joni Mitchell, som Plant and Page begge var forgapa i. Under konsertversjonane av songen sa Plant ofte «Joni» etter denne tekststrofa::

«
To find a Queen without a King,
They say she plays guitar and cries, and sings
 »

I eit intervju han gav Spin i 2002, sa Plant at songen «til tider kan vere noko flau tekstmessig, men det oppsummerer ein periode i livet mitt då eg var 22.»[1] I 2007 sa han til same magasinet at songen omhandla «tankane mine kring dei første åra med bandet, då eg berre var rundt ... 20, og sleit med å finne meg sjølv i all galskapen i California og bandet og groupiane...»

På konsertane spela Led Zeppelin songen under det akustiske settet, først gong i Storbritannia i 1971.[2] Eit konsertopptak frå Earl's Court i 1975 finst på Led Zeppelin DVD.

Songen vart spela av Plant på soloturneane hans i 1988/1989 og på Knebworth Silver Clef i 1990. Han spela han igjen på hans Mighty ReArranger-turne.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • 2004: Benjamin Levine (Chamber Maid: The Baroque Tribute to Led Zeppelin)
  • 2004: The Classic Rock String Quartet(The Led Zeppelin Chamber Suite: A Classic Rock Tribute to Led Zeppelin)
  • 2004: Hero (Live at Velour)
  • 2005: Liz Larin (Wake Up, Start Dreaming)
  • 2005: Sly and Robbie (The Rhythm Remains the Same: Sly & Robbie Greets Led Zeppelin)
  • 2005: Sun Palace (Give Me a Perfect World)
  • 2005: The Young Unknowns (The East Village Sessions: Volume 1)
  • 2005: Led Zepagain (A Tribute to Led Zeppelin)
  • 2006: The Analogues (The Analogues)
  • 2006: Julian Coryell (Undercovers)
  • 2006: Bar 12 (Start the Machine)
  • 2006: The Rockies (The Hits Re-Loaded: The Music of Led Zeppelin)
  • 2006: Michael Armstrong (Rockabye Baby! Lullaby Renditions of Led Zeppelin)
  • 2007: Jake Shimabukuro (My Life)
  • 2007: Kenny James (Give Me Peace)
  • 2007: Anastasia Gilliam (Slip Beneath the Covers)
  • 2007: Dawn Tyler Watson & Paul Deslauriers (En Duett)
  • 2007: Pascal Mono (La Rascasse: Monte Carlo, Volume I)
  • 2007: The Boys from County Nashville (Long Ago and Far Away: The Celtic Tribute to Led Zeppelin)
  • 2007: The Nowtet (The Nowtet Plays Zep!)
  • 2007: The Bastard Sons of Dioniso (Even Lemmy sometimes sleeps)
  • 2008: Davey T Hamilton (Classics)
  • 2008: Lore Constantine (Piano Expressions)
  • 2008: Letz Zep (In Concert)
  • 2009: Ben Lapps (The New Color)
  • 2009: Hall Pass (Hard Rock Covers)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Chuck Klosterman, "Not a Whole Lotta Love", Spin, September 2002.
  2. Dave Lewis (1994), The Complete Guide to the Music of Led Zeppelin, Omnibus Press, ISBN 0-7119-3528-9.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]