Going to a Go-Go

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Going to a Go-Go»
Singel av The Miracles
frå albumet Going to a Go-Go
Utgjeve Desember 1965
Innspelt Hitsville USA (Studio A): 1965
Sjanger Soul/pop
Lengd 2:50
Selskap Tamla
T 54127
Låtskrivar(ar) Smokey Robinson
Pete Moore
Bobby Rogers
Marvin Tarplin
Produsent Smokey Robinson
The Miracles-kronologi
«My Girl Has Gone»
(1965)
«Going to a Go-Go» «Whole Lot of Shakin' in My Heart»
(1966)
Going to a Go-Go
Singel av The Rolling Stones
frå albumet "Still Life" (American Concert 1981)
Utgjeve 2. juni 1982
Innspelt 1981
Sjanger Rock
Lengd 3:10
Selskap Rolling Stones
Produsent The Glimmer Twins
The Rolling Stones-kronologi
«Hang Fire»
(1982)
Going to a Go-Go «Time Is on My Side»
(1982)

«Going to a Go-Go» er ein song og singel frå 1965 av The Miracles for Motown Records sitt Tamla selskap. Han kom ut i desember 194 og gjekk til 11. plass på Billboard Hot 100 i USA våren etter. I tillegg nådde andreplassen på Hot R&B Singles-lista og vart den femte plata til The Miracles som selde over ein million eksemplar.

Miracles-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Smokey Robinson syng solovokal på «Going to a Go-Go», som han skreiv i lag med Pete Moore, Bobby Rogers og Marv Tarplin. Moore, Rogers, Ronnie White og kona til Smokey Robinson, Claudette Robinson, song korvokal på songen, som var ein livleg dansesong.

«Going to a Go-Go» kom òg ut på album med same namn, som vart det bestseljande albumet deira nokon gong. Albumet nådde Topp 10 tidleg i 1966.

Rolling Stones-konsertutgåve[endre | endre wikiteksten]

«Going to a Go-Go» var spelt av the Rolling Stones på turneen deira i 1982 og kom ut på konsertalbumet "Still Life" (American Concert 1981). Han vart òg gjeven ut som singel. Singelen nådde 26. plass på den britiske singellista og 25. plass i USA. Både singelen og albumet kom ut under den europeiske turneen til bandet dette året.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Miracles-utgåva[endre | endre wikiteksten]

The Rolling Stones-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]