Goksjø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Goksjø
Stad Sandefjord, Larvik, Andebu (Vestfold)
Koordinatar 59°10′5″N 10°8′33″EKoordinatar: 59°10′5″N 10°8′33″E
Tilsigsområde 190 km²
Overflateareal 3,47 km²
Kystlengd1 20,57 km
Høgd over havet 28 moh
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Goksjø er ein innsjø på ca 3 km² som ligg i kommunane Sandefjord, Larvik og Andebu i Vestfold.

Nedbørsfeltet for Goksjø er på om lag 190 km² og strekkjer seg nordover til kommunane Lardal og Re. Det spesielle med Goksjø er at dei største innløpa og utløpet ligg i same ende av innsjøen, nemleg i nord. Storelv og Skorgeelva er dei største innløpselvane, Hageneselva er utløpselva. Hageneselva går saman med Svartåa ned til Åserumvannet og vidare ut i Numedalslågen.

Sandefjord Roklubb nyttar vatnet til å trene på om sommaren.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestfold å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.