Gol stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°54′29″N 10°40′59″E

Gol stavkyrkje
Stave church Gol in wintertime.jpg


Foto: Marcus Ramberg

Generelt

Den norske kyrkja

Innvigd:  Ukjend
Arkitektur
Type:  Langkyrkje
Teknikk:  Stavverk
Materiale:  Tre
Kyrkjerommet
Commons-logo.svg
Gol stavkyrkje på Commons

Gol stavkyrkje er ei stavkyrkje frå Gol i Buskerud frå rundt 1200 som no står på Norsk FolkemuseumBygdøy i Oslo. Kyrkja var i vanleg bruk på Gol i fleire hundre år, men vart gradvis så nedsliten og fullstappa at kyrkjelyden fekk bygd ei ny. Stavkyrkja skulle rivast, men vart redda av Fortidsminneforeningen og kong Oscar II, som fekk henne flytta til Bygdøy og restaurert til slik ein meinte ho hadde vore før reformasjonen.

Kyrkja har sidan 1884 vore eigedommen til den regjerande monarken i Noreg, men folkemuseet held ho ved like. Det er laga fire kopiar av henne, to i Noreg og to i USA.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Teikning av Jonas Nicolai Prahm av stavkyrkja i Gol i 1846

Opphavleg stod stavkyrkja — Garðar kirkja — på den gamle kyrkjegarden, 500 meter sørvest for den noverande Gol kyrkje på Leikvollen i Golreppen. Årringsdateringar tyder på at delar av bygningen er oppførte etter 1216, men ho har òg element som er frå så tidleg som 1157.

Mange trekk ved kyrkja liknar Hegge stavkyrkje i Valdres; truleg har same byggmeister leia bygginga av begge. Ho stod truleg i den opphavlege utforminga si heilt til 1600-talet, med svalgang omkring skip og kor. Takryttaren vart fornya i 1694. Samtidig vart det lagt inn ei himling over skipet, og i same periode vart det sett inn to vindauge på sørveggen i midtrommet i skipet. Omkring 1730 vart det bygd eit galleri på nordsida av skipet. Noko seinare vart kor og apsis rivne, og eit nytt lafta kor sett opp. Men dei gamle materiala vart attbrukte til himling i det nye koret, og slik overlevde veggmåleria slik at dei kunne restaurerast i samband med flyttinga.

I 180203 vart kyrkja utvida slik at den «tilforn altfor lille Kirke for en saa talrig Almue (var blitt) merkelig større, saa den rummer en Gang til saa mange Tilhørere som tilforn». Svalgangane rundt skipet vart rivne, og nye ytterveggar av bordkledd reisverk vart sette opp omtrent der svalgangsveggane hadde stått. Framfor vestportalen vart det reist eit våpenhus med saltak. Kyrkja fekk då den utsjånaden ho hadde då Jonas Nicolai Prahm teikna henne i 1846.

Flytting og atterreising[endre | endre wikiteksten]

Skisser av T. Prytz, etter oppmåling på Gol i 1883.
Fotografi etter atterreisinga av Axel Lindahl 1885–1890
Masker på toppen av stavane

Mot slutten av 1870-åra ville kyrkjelyden i Gol ha ei større og meir tidsmessig kyrkje. Fortidsminneforeningen oppfordra til å bevare stavkyrkja på staden, men kyrkjelyden ville rive henne og selje materiala. Det enda med at foreininga kjøpte dei opphavlege delane til kyrkja for 200 kroner, på det vilkåret at ho vart fjerna når den nye stod ferdig.

Foreininga hadde inga tomt til kyrkja, men tidleg i 1881 vart Oscar IIs Samling — verdas fyrste friluftsmuseum — etablert på Bygdøy kongsgard. Kongen stilte tomt til disposisjon for atterreisinga midt i sitt planlagde bygningsmuseum. Inntekta av Fortidsminneforeningen si pengeinnsamling til formålet vart berre 387 kroner, medan totalkostnadane var anslått til minst 6500 kroner. I mars 1884 redda kongen prosjektet ved å ta på seg dei utgiftene som foreininga mangla dekning for. Eigedomsretten til kyrkja vart overdregen frå foreininga til den regjerande monarken i Noreg.

På grunn av fleire snøfattige vintrar vart demonteringa og transporten til Kristiania utsett til vinteren 1884. Oppmålingsteikningar vart i mellomtida utarbeidd av arkitekten Thorolf Prytz vinteren 18821883. Prytz vart oppteken med andre oppdrag, så arkitekt Waldemar Hansteen overtok ansvaret for atterreisinga på Bygdøy med byggmeisteren til kongsgarden, Torsten Torstensen, som utførande arkitekt. Kyrkja vart demontert i januar 1884. I mars var sledeføret godt nok til å frakte materiala til Krøderen stasjon. Derifrå fekk dei gratis skyss med jernbanen og kom uskadde fram til Bygdøy stasjon. Dei opphavlege delane var ferdig oppsette i slutten av juli 1884, og kyrkja stod ferdig som midtpunkt i Kong Oscar sitt friluftsmuseum sommaren 1885. Som museumskyrkje vart ho så godt besøkt at ho måtte haldast open kvar dag, ikkje berre på sundagar, slik som dei andre bygningane i samlinga til kongen.

Dei store endringane gjennom 1700-talet og utvidinga i 1805 gjorde det umogleg å gjenreise kyrkja slik ho stod, men det var det heller ingen som kunne tenkje seg den gongen. Kyrkja vart restaurert til det som ein trudde var opphavleg form. Med støtte i bevarte spor og gamle materiale vart skip, kor og apside rekonstruert. For å kunne halde seg ståande, måtte stavkyrkjene stivast av med eit «magebelte» av andreaskrossar som gjekk rundt heile kyrkja, boger eller «kne» mellom søylene i kyrkja og i tillegg svalgang rundt heile bygningen.[1] Takryttar med spir var vanleg på stavkyrkjer og mellomalderkyrkjer.[2] Dei fann det difor sannsynleg at skipet hadde vore omgjeve av ein svalgang og hatt ein takryttar, og desse delane vart gjenskapte med Borgund stavkyrkje som modell. Gode førebilete til detaljar som vindskia fann ein ikkje i Borgund, så dei vart laga etter mønster av vindskia i Hopperstad stavkyrkje.

Kong Oscar sine samlingar vart overdregne til Norsk Folkemuseum i 1907, etter at museet hadde kjøpt nabotomta til friluftsmuseumet sitt i 1898. Stavkyrkja vart likevel verande i kongeleg eige, men ho vert forvalta av museet.

Kyrkjebygningen[endre | endre wikiteksten]

Då kyrkja vart flytta og attreist, ynskte ein berre å ta vare på og restaurere delane frå mellomalderen. I det ytre er kyrkja difor hovudsakleg ein rekonstruksjon frå 1880-åra av nye materiale. Men store delar av hovudkonstruksjonen i skipet er tekne vare på, dette gjeld grunnstokkane, svillene, stavane, ein stor del av veggtilet og stavlegjane. Mesteparten av det heva midtrommet og avstivingssystemet er òg teke vare på. Kyrkja er av typen med heva midtrom med omgang (rommet mellom stavane/mastene og ytterveggane) i eit rektangulært skip. Ho har eit litt smalare kor som vert avslutta med ein apside. Dei konstruktive delane av kor og apside forsvann ved utvidinga i 1802-03, og det måtte lagast nye ved atterreisinga.

Eksteriør[endre | endre wikiteksten]

Kyrkja har svalgang som er laga med Borgund stavkyrkje som modell. Ein tidlegare svalgang rundt skipet vart riven ned ved utvidinga i 1802–03. Kyrkja har òg truleg alltid hatt takryttar. Ein takryttar av mellomaldersk type med to klokker vart omtala i rekneskap frå 1600-talet. Han vart fornya i 1694. Den nye vart truleg ståande heilt til flyttinga, men hjelmen fekk skifer i staden for bordtekking i 1821. Denne kan ein sjå på Prahm si teikning frå 1846. Den noverande er ein rekonstruksjon frå 1880-åra med Borgund stavkyrkje som modell. Taka var opphavleg spontekte og tjærebreidde, men vart i 1820-åra tekte med skifer.

Portalar[endre | endre wikiteksten]

Vestportalen er for det meste slik han opphavleg var. Han er dekorert med kjempande drakar og bladranker. Nærast opninga har han to halvsøyler med basar og kapitel. Søyleskafta er dekte med planteornamentikk, og i mønsteret er det innarbeidd krona mannshovud. Drakar og bladranker spring ut av to dyremunnar nedst inntil halvsøylene. Ornamentikken er samansett av ein midtdrake, to toppdrakar og to mindre drakar på kvar sideplanke. Dørbladet har mellomalderske smijernsbeslag. Som i mange andre stavkyrkjer vart det hengsla om frå innslåande til utslåande etter brannen i Grue kyrkje, og då vart portalplankane sterkt nedhogne. Sørportalen i skipet vart fjerna ved utvidinga i 1802–03, men delar av han vart brukt i det nye våpenhuset og kunne brukast som haldepunkt for arkitekt Hansteen sin rekonstruksjon. Sørportalen i koret var delvis teke vare på og vart rekonstruert ved atterreisinga. Han er sett direkte inn mellom to profilerte veggplankar.

Interiør[endre | endre wikiteksten]

Interiørfotografi av Axel Lindahl 1885–1890
Interiørfotografi av John Erling Blad 2005

Kyrkja har alltid hatt tregolv. Langs veggane i skipet har det truleg vore låge benkar, og desse vart rekonstruerte ved atterreisinga. Avstivingssystemet med sjølvgrodde bogekne og med utskorne andreaskrossar mellom tenger er òg teke vare på. Stavane rundt midtrommet er avslutta øvst med utskorne groteske masker av same type som ein kjenner frå fleire kyrkjer i Hallingdal og Valdres.

Ved atterreisinga vart benkane, preikestolen i hjørnet i søraust og galleriet på nordsida av skipet sløyfa. Korbogen er ein rekonstruksjon utan sikre haldepunkt.

Inventar[endre | endre wikiteksten]

Nattverden. Tresnitt frå Nicolaysen, 1888

På grunn av ynskjet om å ta vare på og atterskape ei mellomalderkyrkje, vart alt etterreformatorisk inventar fjerna, og ho mangla difor benkar, preikestol og døypefont. I staden sette kong Oscar inn ein utskoren benk frå Heddal stavkyrkje. Men den måla dekoren frå 1652 i koret og apsiden overlevde flyttinga og restaureringa. På veggen til apsida er det ei framstilling av nattverden, på nordveggen i koret dei fire evangelistane, og sørveggen er inndelt i felt dekorert med blad, blomar og frukt, og namn på alle som betalte for utsmykkinga. Over korportalen hang det tidlegare eit krusifiks som kom frå Veum stavkyrkje i Telemark og er datert til om lag 1300.

Kulturminne[endre | endre wikiteksten]

Gol stavkyrkje er eit kulturminne og har nummer 84275 i Riksantikvarens kulturminnebase.

Kopiar[endre | endre wikiteksten]

Stavkyrkjekopien i Beiarn.
Foto: Einar B. Skomsvoll

Det er laga fleire kopiar av stavkyrkja. To er av same storleik som den opphavlege kyrkja. Kopien på Gol vart reist i 1980-åra og vigsla i 1994, og står nær Gol sentrum, langt frå der den opphavlege kyrkja stod. Denne kyrkja vart bygd i tilknyting til Pers hotell i tettstaden, og er del av Middelalderparken der ho er omkrinsa av rekonstruerte vikingtidshus. Den andre kopien av kyrkja i full storleik står i Scandinavian Heritage Park i Nord-Dakota og vart bygd i 2000-åra.

Ein forminska kopi av kyrkja vart bygd til den norske paviljongen i EPCOT i Walt Disney World i 1988, og bygningssnikkaren Magnus Stensland har laga ein kopi i Savjord i Beiarn i Nordland.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Gol stavkyrkje i Stavkirke.org
  • Foto av kyrkja
  • Blindheim, Martin: Ristningene i stavkirken fra Gol, i By og bygd 10. årgang, Oslo 1956 s. 11-54.
  • Bugge Gunnar, Mezzanotte Bernadino, Stavkirker, Oslo 1994 s. 45, ISBN 82-504-2072-1
  • Christie, Håkon: Da Fortidsminnesmerkeforeningen reddet stavkirkene, i Fortidsminneforeningens Årbok 1978 s. 43-62
  • Christie, Sigrid og Håkon: Gol kirke, i Norges kirker – Buskerud, Oslo 1981 bind 1, s. 39-60. ISBN 82-05-13123-6
  • Hegard, Tonte: Romantikk og fortidsvern. Historien om de første friluftsmuseene i Norge, Oslo 1984.
  • Jensenius, Jørgen H., Fra en omvisning i Gol Stavkirke, Middelalderforum, nr.2/1996, side 15-23
  • Liestøl, Aslak, Runeskriftene i Gol stavkyrkje, i By og bygd 10. årgang, Oslo 1956 s. 55-70.
  • Nicolaysen, N.: Gols kirke paa Bygdø, i Bygninger fra Norges Middelalder hvilke Hans Maj. Kong Oscar den anden har ladet flytte til Bygdø Kongsgaard, Christiania 1888
  • Roede, Lars: The open air museum – an early contribution, i Report 15th Meeting of the Association of European Open-Air Museums, Stockholm 1991 s.6 9-72
  • Ulsaker, H.: Gamletida, i Gol kyrkje – Hemsedal kyrkje 1882-1982 – Festskrift, Gol 1982

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

God artikkel