Gold Harbour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 54°37′S 35°56′W
Gold Harbour
hamn
none  Gold Harbour og  Bertrabbreen
Gold Harbour og Bertrabbreen
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
stad Sør-Georgia
 - koordinatar 54°37′S 35°56′W
Gold Harbour is located in Antarktis
Gold Harbour (Antarktis)

Gold Harbour er ei lita bukt 8 km sør-sørvest for Cape Charlotte der Bertrabbreen munnar ut, langs austenden av Sør-Georgia. Tidleg i 1900-åra vart hamna mellom anna kalla «Anna's Bay», «Gold-Hafen» og «Sandwich Bay», som òg er nytta som namn på Iris Bay. Det godkjende namnet ser ut til å ha vore i bruk av sel- og kvalfangarar. [1]

Pingvinar ved Gold Harbour i desember

Gold Harbour fekk dette namnet fordi solstrålene gjer klippene gule i sollsyet om morgonen og kvelden.

Dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Området er hekkestad for pingvinar som kongepingvinar og bøylepingvinar. Elefantselar ynglar òg her, særleg på vestenden av stranda, der det renn ut ein bekk med smeltevatn frå breane. Sotalbatrossar hekkar òg her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gold Harbor» (innhald frå Geographic Names Information System).