Goldbergvariasjonane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Goldbergvariasjonane
BWV 988
Variasjonar av Johann Sebastian Bach
Sjanger Klavermusikk
Periode Barokken
Komponert 1741
Publiseringsdato 1741
Typisk lengd 63:27
Satsar 32
Framsida til førsteutgåva av Goldbergvariasjonane.

Goldbergvariasjonane BWV 988, opphavleg kalla Aria mit 30 Veränderungen, er ein klaviatursuite, opphavleg for cembalo, komponert av Johann Sebastian Bach for ein av elevane hans. Suiten er bygd over eit sarabandetema frå Anna Magdalena Bachs notebok (med klaverøvingar), i spedd to folkemelodiar mot slutten. Etter arien i innleinga følgjer 30 variasjonar.

Eleven var Johann Gottlieb Goldberg, og var cembalist hos den russiske ambassadøren i Dresden (Grev Keyserlingk). Greven hadde vondt for å få sove, og hadde derfor musikarar til å spele godnattmusikk. Greven likte komposisjonen så godt, at han betalte eit honorar på hundre Louis d'or i reint gull. Dette var den beste betalinga Bach fekk for noko verk elles.

Arien som Bach nytta er av ukjend opphav, og det var truleg ikkje han som komponerte denne sjølv, men heller ein no ukjend fransk klaverdans.[1] Dei enkle harmoniane og strukturen i variasjonane er alle dei same som temaet. Verket er eit døme på korleis Bach alltid søkte størst mogleg mangfald i ein ubøyeleg heilskap. Goldbergvariasjonane er av dei mest sofistikerte verka som nokon gong er skriven for klaver, men verket høyrest likevel ikkje ut som den komplekse samlinga det er.[1]

Allmusic har skildra verket som «stort og medlidande, grasiøst, varmt og særs intrikat, ein demonstrasjon av makelaus dugleik i musikkhistoria og ekte, poetisk fantasi. Goldbergvariasjonane er eit verk som framleis opptar musikkforskarar fleire hundreår etter det kom ut.»[1]

Variasjonane vart gjevne som bind 4 i hans Clavier Übungen i 1741.

Variasjonane er vorte mykje spelt av konsertpianistar gjennom åra. I vår tid er det truleg Glenn Gould si innspeling som er mest kjent.

Verket er òg transkribert, til to klaver av Joseph Gabriel Rheinberger, ein organist og komponist frå Liechtenstein.

Av andre arrangement finn ein:

1938 – Józef Koffler, for strykeorkester
1973 – Joel Spiegelman, for synthesizer [Kurzweil 250 Digital Synthesizer] [16]
1984 – Dmitri Sitkovetsky, for strykertrio
1987 – Jean Guillou, for orgel
1997 – József Eötvös, for gitar
2000 – Jacques Loussier, arrangement for jazztrio
2003 – Karlheinz Essl („Gold.Berg.Werk“) for stryketrio og live-electronika
2007 – Simone Dinnerstein
2009 – Catrin Finch, komplett transkripsjon for harpe

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 John Keillor. Goldberg Variations, for keyboard (Clavier-Übung IV), BWV 988 (BC L9). Allmusic. Vitja 26. april 2010.