Golden Bay

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen handlar om havbukta på New Zealand. For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Golden Bay (fleirtyding).
Golden Bay.

Golden Bay er ei grunn, parabolforma havbukt i den nordvestlege enden av SørøyaNew Zealand. Bukta er ein arm av Tasmanhavet, og ligg sørvest av Cooksundet og vest for Tasman Bay. Ho er avgrensa frå havet av Farewell Spit. Elvene Aorere og Takaka munnar ut i bukta frå sør.

Bukta er kjend som eit populært turistmål, på grunn av det gode vêret og ei avslappa og vennleg livsform.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Dei vestlege og nordlege delane av bukta er for ein stor del ubygde. Langs den sørlege kysten ligg byane Takaka og Collingwood, og også nasjonalparken Abel Tasman National Park. Separation Point, den naturlege grensa mellom Golden Bay og Tasman Bay ligg inne i parken. Strendene i bukta er populære opphaldsstadar for pensjonistar og oppføring av fritidsbustadar.

Bukta ligg i regionen Tasman.

Flaum[endre | endre wikiteksten]

I desember 2011, vart bukta (til like med store delar av Nelson/Tasman-regionane) [1]råka av sterk nedbør og flaum, som skada mange bustadar i områda kring Pohara/Ligar Bay/Tata Beach/Wainui. Vegen til Totaranui, eit populært, isolert turistmål, fekk store skadar, og kunne ikkje opnast før sist i juni 2012. Overfløymingane førte til tap for butikkar og forretningsdrivande i toppen av turistsesongen. I løpet av juni 2012, var alle tilkomstar til Golden Bay opne att, og fungerte som normalt.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Den nederlandske oppdagaren Abel Tasman ankra opp i bukta i 1642, og, etter eit blodig samanstøyt med lokale māoriar då mannskap frå skipa hans freista å gå i land, kalla han henne Moordenaar's Bay (Mordarbukta). I 1770, under den første Stillehavsreisa si, let den engelske oppdagaren James Cook bukta gå inn som ein del av Blind Bay, men på den andre reisa si til bukta i 1773, innsåg han at dette i røynda var «Mordarbukta». Den franske oppdagaren Jules Dumont d'Urville ser ut til å ha endra namnet til Massacre Bay. I 1840-åra, etter at det vart funne kol i regionen, vart bukta kjend som Coal Bay (Kolbukta). Seinare, i 1850-åra, då det vart funne gull i Collingwood, fekk bukta det namnet ho ber i dag, Golden Bay[2].


Abel Tasman kjem til Golden Bay.
Ei av fleire strender i Abel Tasman National Park langs Golden Bay
Farewell Spit og den lange bukta Golden Bay dominerer i dette satellittbiletet.(Foto: NASA)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 40°40′S 172°50′E