Golden Hinde

Koordinatar: 49°39′46″N 125°44′49″W / 49.66278°N 125.74694°W / 49.66278; -125.74694
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Golden Hinde
fjell
Golden Hinde sett frå sør, august 2006
Land  Canada
Fjellkjede Vancouver Island Ranges
Høgd 2 197 moh.
Primærfaktor 2 197 m
Førstestiging Einar Anderson, W.R. Kent 1913 eller 1914
Koordinatar 49°39′46″N 125°44′49″W / 49.66278°N 125.74694°W / 49.66278; -125.74694
Kart
Golden Hinde
49°39′46″N 125°44′49″W / 49.6628°N 125.747°W / 49.6628; -125.747

Golden Hinde er eit fjell i Vancouver-fjellaøya Vancouver i Britisk Columbia. Den 2 197 meter høge fjelltoppen er den høgste på øya. Fjellet ligg nær midten av den 2 450 km² store Strathcona Provincial Park, ved kjeldene på elva Wolf River og vest for vatnet Buttle Lake, om lag 25 km aust for bygda Gold River. Fjelltoppen er eit populært mål for erfarne fjellfolk, og vart kliven fyrste gongen i 1913 eller -14. Fjellgrunnen består av basalt og er del av Karmutsen-formasjonen.[1]

Fjellet, som er synleg frå vestkysten av øya, er oppkalla etter Francis Drake sitt skip «Golden Hind». Ein skipper som dreiv pelshandel såg for seg Drake sitt skip i det dei siste solstrålane lyste opp fjellet. Jordomseglaren Drake skal ha vore opp under kysten av det seinare Britisk Columbia på jordomseglinga si, 1577-80. Namnet vart fyrst offisielt godkjent i 1938, etter det var vist til loggboka til ein pelshandlar. Det alternative namnet «The Rooster's Comb» vart nytta av dei tidlege fjellklivarane grunna utsjånaden til fjellet.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Geology of Strathcona Park - The Volcanic Flood Arkivert 2012-07-29 ved Archive.is. Henta 24.11.2007
  2. Akrigg, G.P.V. and Helen Akrigg. "Golden Hinde." British Columbia Place Names. Vancouver: UBC Press, 1997. 94.