Golden Years

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Golden Years
Singel av David Bowie
frå albumet Station to Station
B-side «Can You Hear Me»
Utgjeve 21. november 1975
Innspelt Cherokee Studios, Hollywood, oktober 1975
Sjanger Funk, disco, soul, rock
Lengd 3:22 (singel)
4:00 (album)
Selskap RCA Records
2640
Låtskrivar(ar) David Bowie
Produsent David Bowie, Harry Maslin
David Bowie-kronologi
«Fame»
1975
Golden Years «TVC 15»
1976

«Golden Years» er ein song skriven av David Bowie i 1975. Han vart opphavleg gjeven ut som singel i november 1975 og i ei lengre utgåve året etter på albumet Station to Station. Songen var den første som vart gjort ferdig under innspelinga av Station to Station, ein periode der kokainmisbruket til Bowie var på sitt verste.[1] På eit stadium var namnet på singelen òg planlagt som namnet på albumet.[2]

Musikk og tekst[endre | endre wikiteksten]

Då han først kom ut som singel i 1975, var ikkje «Golden Years» ein særleg god peikepinn på innhaldet på det komande albumet. Songen var meir i stil med funk/soul-songane på Young Americans frå tidlegare i 1975 enn resten av Station to Station, som var ein forsmak på den Kraftwerk-aktige eurosentriske og elektroniske musikken som Bowie skulle drive med i «Berlintriologien» sin mot slutten av 1970-åra.[2]

Bowie prøvde å etterlikne noko av den prangande nostalgien på «On Broadway», som han spelte på piano i studio, då han kom opp med «Golden Years».[1] Han sa han tilbaud songen til Elvis Presley, men at Presley avslo tilbodet.[3] Både Angela Bowie og Ava Cherry har hevda at dei har vore til inspirasjon for songen.[3]

Utgjeving og etterverknad[endre | endre wikiteksten]

Bowie vart visstnok full då han skulle spele songen på det amerikanske fjernsynsshowet Soul Train. På den tida var han ein av særs få kvite artistar som spelte på programmet.[4] Videoklippet vart nytta som musikkvideo for singelen og gav Bowie suksess i USA, der singelen nådde 10. plass. I Storbritannia nådde singelen 8. plass.

«Golden Years» vart spelt sporadisk av Bowie i 1976,[2] og fast på turneane i 1983, 1990 og 2000. Han vart nytta som kjenningsmelodi for fjernsynsserien Golden Years av Stephen King og i pilotepisoden til CBS-serien Swingtown.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. «Golden Years» (Bowie) – 3:22
  2. «Can You Hear Me?» (Bowie) – 5:04

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

David Bowie vs KCRW[endre | endre wikiteksten]

Golden Years David Bowie vs KCRW
Singel av David Bowie
frå albumet Station to Station
Utgjeve 2011
Innspelt Cherokee Studios, Hollywood CA
Sjanger Funk, disco, soul, rock
Selskap Virgin records
Produsent David Bowie, Harry Maslin
David Bowie-kronologi
«Rebel Never Gets Old»
2004
Golden Years David Bowie vs KCRW

Ein oppdatert singel for «Golden Years» vart gjeven ut i 2011 i samband med nyutgjevinga av Station to Station. Fire nye remiksar vart laga av DJar frå radiostasjonen KCRW i California.[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

  1. "Golden Years (Single Version)" - 3:27
  2. "Golden Years (Anthony Valdez KCRW Remix)" - 4:22
  3. "Golden Years (Eric J. Lawrence KCRW Remix)" - 3:11
  4. "Golden Years (Chris Douridas KCRW Remix)" - 4:25
  5. "Golden Years (Jeremy Sole KCRW Remix)" - 4:37

Andre utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Nina Hagen - Konsertopptak frå Fearless/Angstlos-turneen
  • Loose Ends - So Where Are You? (1985)
  • Marilyn Manson - Dead Man on Campus (1998)
  • Amberjack Rice, Walter Traggert and Breakfastime - Only Bowie (1995)
  • Swell - Crash Course for the Ravers – A Tribute to the Songs of David Bowie (1996)
  • Track One A.B. - Reverie (1999)
  • Walk DMC - Ashes to Ashes: A Tribute to David Bowie (1998)
  • Essra Mohawk - Spiders from Venus: Indie Women Artists and Female-Fronted Bands Cover David Bowie (2003)
  • Count Zero - .2 Contamination: A Tribute to David Bowie (2006)
  • Mascara - frå See You In LA (1979) med Luther Vandross

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 David Buckley (1999). Strange Fascination - David Bowie: The Definitive Story: s.258-280
  2. 2,0 2,1 2,2 Nicholas Pegg (2000). The Complete David Bowie: s.82-83
  3. 3,0 3,1 Christopher Sandford (1998). Bowie: Loving the Alien: s.146
  4. Roy Carr & Charles Shaar Murray (1981). Bowie: An Illustrated Record: s.75-80
  5. KCRW.com