Goliatfeltet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Goliatfeltet er eit oljefelt som ligg 50 kilometer søraust av Snøhvitfeltet og 85 kilometer nordvest av Hammerfest. Miljøvernorganisasjonar har protestert mot ei mogleg utbygging, mellom anna av di feltet ligg 48 kilometer frå kysten. Eit mogleg oljeutslepp i området er rekna å få stor verknad.

Det italienske selskapet ENI gjorde fleire prøveboringar her i 2005-2007 med riggen Polar Pioneer, som òg har vore mykje brukt på Snøhvitfeltet. Plan for utbygging og drift (PUD) for Goliatfeltet vart godkjent av Stortinget den 18. juni 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]