Golica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Golica
fjell
Golica
Land  Slovenia,  Austerrike
Fjellkjede Karavankane
Høgd 1 836 moh.
Koordinatar 46°29′24″N 14°3′1″E / 46.49000°N 14.05028°E / 46.49000; 14.05028
Kart
Golica
46°29′29″N 14°03′16″E / 46.491465°N 14.054569°E / 46.491465; 14.054569
Wikimedia Commons: Golica

Golica (tysk Kahlkogel) er eit fjell vest i Karavankane på grensa mellom Slovenia og Austerrike, oppfor den slovenske byen Jesenice. Fjellet er kjend for engene med kvite narsissar som blømer i april og tidleg i mai. Dette markerer starten på turistsesongen på fjellet som varer til slutten av sommaren.[1] Fjellsidene gjev flott utsyn mot Dei juliske Alpane og austerrikske Kärnten. På klåre dagar kan ein sjå Ljubljana-bekkenet frå toppen.

Golica er òg kjend frå polkasongen til Slavko Avsenik frå 1953, «Na Golici», kanskje den mest kjende songen til orkesteret.

250 meter nedanfor toppen står ei fjellhytte, 1582 meter over havet, med 40 soveplassar. Den opphavlege hytta, samt ei anna hytte på toppen, vart brend ned under den andre verdskrigen av partisanar for å hindre at tyske soldatar skulle nytte dei. Hytta på toppen vart aldri bygd opp att.[2]

Fjellsidene på Golica vert i dag nytta til beite for sau.

Beste tilkomst til toppen er frå Jesenice via fjellandsbyen Planina pod Golico.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]