Golijska Moravica

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Golijska Moravica (Голијска Моравица)
Utspring Fjellet Golija nordaust for Sjenica i Serbia
Munning dannar med Đetinja elva Zapadna Morava, aust for Požega i Serbia
Land i nedslagsfelt Flag of Serbia.svg Serbia
Lengd 98 km
Nedslagsfelt 1486 km²

Golijska Moravica eller berre Moravica (serbisk Голијска Моравица eller Моравица) er ei elv vest i Serbia. Med ei lengd på 98 km, han er den lengste kjeldeelva til Zapadna Morava og dannar i lag med Đetinja elva Velika Morava. Namnet tyder vesle Morava på serbisk.

Golijska Moravica spring ut frå vestsida av fjellet Golija og renn nordover gjennom regionen Stari Vlah. Området elva renn gjennom er tynt folkesett, men det ligg fleire grender langs elva, ofte samla i grupper.

Golijska Morava renn så gjennom Ivanjica-senkinga mellom fjella Čemerno i aust og Mučanj i vest. Ved enden av senkinga renn elva forbi klosteret Sveti Arhanđeli. Vidare renn elva gjennom Arilje-senkinga, mellom fjella Golubac i aust og Blagaja i vest. Her mottar ho den største sideelva si, Rzav. Den siste delen av elva renn over Tašti-sletta, mellom fjella Blagaja, Krstac og Crnokosa. Nær landsbyen Pilatovići renn Golijska Morava saman med Đetinja og dei dannar Zapadna Morava, den lengre kjeldeelva til Velika Morava.

Golijska Moravica drenerer eit område på 1486 km² og høyrer til nedslagsfeltet til Svartehavet. Kraftpotensialet i elva er ikkje utbygd.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]