Gonâveøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Satellittbilete av Île de la Gonâve – ikkje orientert mot nord

Gonâveøya (fransk: Île de la Gonâve) er ei 743 km² stor øy ved Haiti med om lag 80 000 innbyggjarar (2003), nordvest for Port-au-Prince. Ho er den største av øyane kring Hispaniola, og omfattar kommunane Anse-à-Galets og Pointe-à-Raquette. Øya er hovudsakleg folkesett av fiskarar og bønder.

Gonâveøya er omgjeven av rev og har ei lengd på om lag 56 km. På det breiaste er ho om lag 16 km. Grunnen på øya er for det meste kalkstein, og store delar av henne er udyrka. Det høgste punktet ligg 778 meter over havet. Den årlege nedbørsmengda ligg mellom 800 og 1600 mm.

Eit fiskeleie på Île de la Gonâve

Øya var det siste retrettområde for den opphavlege folkesetnaden på Haiti, tainoane, etter at dei i 1503 flykta frå Hispaniola. Frå dei stammar det noverande namnet på øya, for dei kalla henne «Guanabo». Seinare var øya base for sjørøvarar.[1]

I 1925, medan øya var okkupert av USA, vart sersjanten Faustin Wirkus utnemnd til konge over øya. Men Faustino II («le roi blanc de la Gonâve»), som han kalla seg, vart i 1929 driven i eksil av dei haitiske styresmaktene.[2]

Etter at ein orkan i 1976 raserte delar av det sørlege Haiti flytta nokre av dei overlevande til Gonâveøya og grunnla dei fyrste jordbrukslandsbyane på øya. Vassmangelen på øya er stor, men sisterner og brønnar hjelper på.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Earth from Space – Island of Gonave» hjå NASA.
  2. 9 Ordinary men who became king (#9) av Amy Wallace, Jane Farrow og I.R.A. Basen i The Book of Lists, the Canadian Edition: The Original Compendium of Curious Information (Knopf Canada, 2005 – ISBN 0-676-97720-0), s. 273.