Gonaïves

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 19°27′N 72°41′W

Gonaïves is located in Haiti
Gonaïves avmerkt på Haiti-kartet

Gonaïves (haitisk: Gonayiv) er ein by nord i Haiti og hovudstaden i departementet Artibonite. Han hadde i 2005 eit estimert innbyggjartal på 84 961. Bynamnet er avleidd av det opphavlege namnet «Gonaibo». Gonaïves er også kjend som «sjølvstendebyen» i Haiti, sidan det var der Jean-Jacques Dessalines erklærte Haiti, det tidlegare Saint-Domingue, sjølvstendig frå Frankrike 1. januar 1804, ved å lese opp sjølvstendelova, som var skriven av Boisrond Tonnerre, på Place d’Armes i byen.

Foto over Gonaïves

Kjelder[endre | endre wikiteksten]