Gonoré

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mikroskopbilete av celler under ein gonoréinfeksjon.

Gonoré er ein seksuelt overførbar sjukdom som skyldast infeksjon med den Gram-negative bakterien gonokokk, Neisseria gonorrhea. På folkemunne er sjukdommen kjend som «dryppert», etter utfloda som er eit symptom, og «pisse piggtråd», på grunn av den smertefulle vasslatinga han gjev. Gonoré er ein av dei mest utbreidde kurerbare kjønnssjukdommane i verda, og kan føra til sterilitet.

Epidemiologi[endre | endre wikiteksten]

Kvart år blir rundt 200 tilfelle av gonoré behandla i Noreg. Hovudsakleg er desse blitt tekne med frå utlandet. Sidan 1985, då AIDS vart kjent som ein risiko ved ubeskytta sex, førte tryggare sexvanar til ei monaleg minking av talet på sjukdomstilfelle i Noreg.

Smitte[endre | endre wikiteksten]

Gonoré smittar ved alle typar ubeskytta seksuelt samkvem, og gjennom fødsel.

Hos menn ser ein bakterieinfeksjonen mest i urinrøyret, i prostata og i sædleiarane, spesielt nær testikkelen. Hos kvinner er bakteriane ofte i livmorhalsen, cervix, i endocervix, som er det inste cellelaget i livmorhola, og i eggleiarane. Infeksjonen fører til sterilitet hos 10-15 % av begge kjønn.

Symptom[endre | endre wikiteksten]

Gonorésmitta barn.

I 90 % av tilfella vil symptoma koma mellom to og sju dagar etter smitte. Den smitta merkar smerte ved vasslating og utflod. Ved prøvetaking hos menn fører ein ein vattpinne inn i ytste del av urinrøyret, noko som er smertefullt om ein er smitta.

Nyfødde som er smitta med gonoré kan få ein kraftig konjunktivitt, betennelse i augesekken. Dette kan føre til blindheit viss barnet ikkje får behandling. Tidlegare var medfødd gonoré den vanlegaste årsaka til blindheit i den vestlege verda. Det har vore rutinebehandling å dryppa auga til alle nyfødde med ein oppløysing av sølvnitrat for å vera sikker på at desse bakteriane ikkje er der.

Diagnostikk[endre | endre wikiteksten]

Diagnosen blir stilt ved mikroskopering av utstryk farga med Løfflers fargevæske, og dyrking av direkte prøve tatt i urinrøyret eller i livmorhalsen.

Behandling[endre | endre wikiteksten]

Behandlinga er som oftast enkel med betalaktamase-stabilt antibiotika. Det finst mange forskjellige stammar med gonorébakteriane i verda. I nokre land finst stammar som er resistente mot mange typar antibiotika.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gonoré