Goole

Koordinatar: 53°42′N 0°52′W / 53.700°N 0.867°W / 53.700; -0.867
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Goole

Goole Docks
Goole Docks
Goole Docks
Plassering
Goole is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  England
Grevskap East Riding of Yorkshire
Distrikt East Riding of Yorkshire
Grunnlagd
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

17 600
Koordinatar 53°42′N 0°52′W / 53.700°N 0.867°W / 53.700; -0.867
Diverse annan informasjon
Postnummer DN14
Telefon-retningsnummer 0 1405
Commons har multimedium som gjeld: Goole

Goole er ein by, parish og hamneby i East Riding of Yorkshire i England. Han ligg rundt 70 kilometer frå kysten, ved samløpet mellom elvane Don og Ouse. Byen hadde 17 600 innbyggjarar ved folketeljinga i 2001.[1]

Namnet «Goole» har opphavet sitt i mellomengelsk, noko som er uvanleg i engelske stadnamn. Det er avleidd av ordet goule, som tyder «bekk». Goole var ikkje oppført i Domesday Book. Staden blir første gongen nemnt i historiske kjelder i 1362, som Gulle.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Munningen av Dutch River i 1974

På anmodning frå kong Karl I gjorde den nederlandske ingeniøren Cornelius Vermuyden i 1626-1629 arbeid som avleidde elva Don nordover til elva Ouse.[2] Føremålet var å drenere myrene i Hatfield Chase, der Don tidlegare snirkla seg mot aust til munningen i Trent. Dette arbeidet gjorde òg nedre Don (òg kalla «Dutch River») seglbar for mindre lekterar, slik at kol frå kolfelta i South Yorkshire kunne transporterast til Goole ved den nye munningen til Don for omlasting til havgåande fartøy.

Då hamna i Goole vart opna var staden ein liten landsby på rundt 450 innbyggjarar.[3] Behovet for kol auka og dermed òg produksjonen i gruvene. Det vart bygd kanalar som letta transporten frå gruvene, og teknologiske nyvinningar gjorde omlastinga i hamna meir effektiv. Som følgje av veksten i trafikken over hamna voks etterkvart òg både folketalet og velstanden i byen Goole mykje.

Kol var den dominerande vara fram til siste delen av 1900-talet, då nedgangen for den britiske kolindustrien førte til dårlege tider for industriområda vest i Yorkshire og for hamna i Goole. Etter denne nedgangsperioden har likevel kolet vorte erstatta av containerar, eksport av stål og import av tømmer frå Norden og Aust-Europa. Dei to opphavlege dokkane frå 1826 er framleis i full drift, saman med seks andre som er vorte bygd seinare.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Victoria Lock, ei av slusene inn til dokkane i Goole
Jernbanestasjonen i Goole
Vasstårna «Salt and Pepper», eit kjent landemerke i Goole

Hamna i Goole kan handtere rundt 3 millionar tonn frakt per år, og han er ei av dei viktigaste hamnene på austkysten av England.[4]

Tre sluser held vatnet i dokkane på ei konstant djupn på seks meter, uavhengig av det sterke tidvatnet i Ouse. Innanfor slusene ligg i alt åtte dokkar med eit samla areal på 150 000 m² og i alt 5 kilometer med kaiar. Goole har faste rutar med frakteskip til Noreg, Sverige, Finland, Tyskland, Nederland, Belgia, Frankrike, Spania, Marokko og Sør-Afrika, medan andre land som Russland, Danmark og Italia vert tent med charterbåtar. Frakt frå andre dele av verda, som USA, Kina og Australia kjem til Goole via omlasting i Rotterdam.

Goole ligg sør for motorvegen M62, som knyter byen til Kingston upon Hull i aust og det samanhengande byområdet i West Yorkshire i vest. Motorvegen M18 går vest for byen, og knyter han til South Yorkshire, Sør-England og Midlands.

Goole har òg ein jernbanestasjon, men samband til Kingston upon Hull, Doncaster, Sheffield og Leeds, og dessutan dei mellomliggende pendlarstasjonane. Det er òg bussruter frå Goole til omkringliggande byar og landsbyar.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «Goole» frå Wikipedia på bokmål, den 16. juli 2011.
  • Ferriman, Earnest and Leach, Rev. Tim (1988) Glimpses of Goole, Goole: Rev. Tim Leach, The Vicarage, Goole.
  1. «2001 Census: Key Statistics: Parish Headcounts: Area: Goole CP (Parish)». Neighbourhood Statistics. Office for National Statistics. Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 18. februar 2011. 
  2. Porteous, J.D. (1969), The Company Town of Goole: An Essay in Urban Genesis. Hol University Press, side 5-6
  3. Porteous, J.D. (1969). The Company Town of Goole: An Essay in Urban Genesis. Hol University Press, side 6.
  4. sin/goole.htm Associated British Ports Arkivert 2013-05-01 ved Wayback Machine..

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]