Gorgany

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Syvulia
Steinfelt - gorgan

Gorgany (ukrainsk Ґорґани) er ei fjellkjede i Vest-Ukraina i Ytre Aust-Karpatane, tilstøytande til Tsjornohora-fjella. Det høgaste fjellet i Gorgany er Syvulia (1836 moh) og andre høge fjell er Ihrovysjtsje, Vysoka og Grofa. Fjella består av flysch, hovudsakleg sandstein, som skapar typiske felt med lause steinar (lokalt kalla gorgan eller grekhot). Dei grensar til elva Mizunka og Vysjkovskyjpasset i vest og elva Prut og Jablonitskyjpasset i aust.

Gorgany er den minst folkesette delen av Dei ukrainske Karpatane. Vestlege delar av Gorgany er busett av boykoar, som houvdsakleg driv med gjeting og tømmer. Dei største byane i området er Vorokhta og Jaremtsje.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gorgany

Koordinatar: 48°30′N 24°00′E