Gori

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gori
Statue av Stalin føre rådhuset i Gori
Statue av Stalin føre rådhuset i Gori
Styresmakter
Land Georgia
Grunnlagd 1100-talet
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2005)

46 680
Koordinatar 41°58′″N 44°06′″EKoordinatar: 41°58′″N 44°06′″E
Tidssone MSD (UTC+4)
Diverse anna
Heimeside: gori.iatp.org.ge

Gori (georgisk გორი) er ein industriby i provinsen Sjida Kartli i Georgia. Byen vart grunnlagd av ein av dei største kongane av Georgia, David IV av Georgia (10891125). Byen har om lag 45 000 innbyggjarar, og ligg der elva Liakhvi munnar ut i Mtkvari (Kura). Byen vart nesten heilt øydelagd under eit jordskjelv i 1920.

I 1878 vart den sovjetiske diktatoren Josef Stalin fødd her i byen, og inneheld eit Josef Stalin-museum med gjenstandar knytte til livet hans, huset der han vart fødd og den personlege jernbanevogna hans.

Ein av dei siste statuane av Stalin i det tidlegare Sovjetunionen står utanfor rådhuset i byen.

Festninga Goristsikhe frå mellomalderen ligg ovanfor byen.

Kjende personar frå Gori[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]