Gorizia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gorizia
Gorizia sett mot aust
Gorizia sett mot aust
Plassering
Gorizia is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Friuli-Venezia Giulia
Gorizia
Borgarmeister Ettore Romoli
Geografi
Flatevidd
 - By

41 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

39 615
  863/km²
Koordinatar 45°56′″N 13°37′″EKoordinatar: 45°56′″N 13°37′″E
Høgd over havet 84 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 34170
Telefon-retningsnummer 0481
Nettstad: www.comune.gorizia.it

Gorizia (slovensk Gorica, tysk Görz, friulisk Gurize) er ein liten by ved foten av Alpane nordaust i i Italia på grensa til Slovenia. Han er hovudstad i provinsen Gorizia i regionen Friuli-Venezia Giulia og har om lag 40 000 innbyggjarar. Han er eit lokalt senter for turisme, industri og handel.

På slovensk tyder Gorica «liten ås». Byen ligg der dalane til elvane Isonzo og Vipacco møter kvarandre, på ei slette nedanfor åsane Collio, som er kjend for den gode vinen som vert produsert her. Gorizia ligg i le av fjella i nord og får ikkje dei kalde vindane som kjem der frå, og sjølv om boravinden kan blese frå aust har byen eit mildt klima.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Staden var opphavleg eit vakttårn eller ei førhistorisk borg og vart etter kvart ein liten landsby ved ein vadestad over elva Isonzo. Han låg ikkje langt frå den viktigaste romarvegen mellom Aquileia og Emona (Ljubljana). Namnet Gorizia er først funne i dokument frå 1001 som omtalar at keisar Otto III gav byen til patriark Giovanni II og grev Verihen Eppstein av Friuli. Eppstein-familien vart etterfulgt av pfalzgrevar frå Bayern.

Frå 1100-talet til 1500-talet var Gorizia hovudstad i grevskapet Gorizia, som stort sett var sjølvstendig. Landområdet til grevskapet strekte seg ein liten periode opp til Aquileia og Tyrol.

I 1500 gjekk grevskapet til det austerrikske Habsburgmonarkiet og byen voks opp rundt borga. På midten av 1700-talet vart byen sete for eit erkebispedøme som omfatta bispedøma Trieste, Trento, Como og Pedena. Republikken Venezia hadde ein kort periode byen i 1508-1509 og franskmennene tidleg på 1800-talet, då han høyrte til Dei illyriske provinsane. Bortsett frå dette hadde austerrikarane byen og etter napoleonskrigane gjekk han tilbake til Det austerrikske riket og vart då ein del av Kongedømet Illyria fram til 1849 då han vart ein del av Küstenland i lag med Trieste og Istria. I 1861 vart Gorizia i lag med Gradisca d'Isonzo omorganisert som fyrstegrevskapet Gorizia og Gradisca i Austerrike. Under det austerrikske styret vart Gorizia kjend som «den austerrikske Nice» og var ein feriestad for den austerrikske adelen om sommaren.

Itali gjekk inn i den første verdskrigen på dei allierte si side og striden byrja mot Austerrike-Ungarn 24. mai 1915 der Italia etter kort tid tok Gorizia. Gorizia vart hardt råka og kom tilbake til Austerrike igjen i 1916 sidan frontlinja gjekk i området i to år med fleire kampar nær byen, fram til Sentralmaktene pressa italienarane tilbake til elva Piave seint i 1917. Mot slutten av krigen, i 1918, vart Gorizia igjen erobra av Italia. Først var han ein del av Venezia Giulia (1918-1919), og seinare annektert til Veneto i provinsen Udine (då kalla provinsen Friuli). I 1927 vart Gorizia provinshouvdstad i Venezia Giulia. Etter den andre verdskrigen vart fleire bydelar i utkanten av byen (kommunane Salcano og San Pietro) i lag med store delar av provinsen Gorizia gjeve til Jugoslavia og byen hamna på grensa mellom dei to landa. Desse områda vart ein del av Slovenia då Jugoslavia braut saman.

Sjølv om han er ein grensby kryssa ikkje Gorizia grensa til Jugoslavia som det ofte vart hevda. Dei slovenske styresmaktene bygde ein ny by, Nova Gorica («Nye Gorizia»), i 1948, og sjølv om situasjonen i Gorizia ofte har vorte samanlikna med Berlin under den kalde krigen hadde Italia og Jugoslavia eit godt forhold når det gjaldt Gorizia. Etter at Jugoslavia braut saman delte grensa framleis byen, fram til Slovenia vart medlem av Schengen frå 21. desember 2007.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]