Gorm Kjernli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gorm Lybeck Kjernli (fødd 31. desember 1981) er ein norsk arbeidarpartipolitikar frå Kråkstad i Akershus. Han var vararepresentant til Stortinget frå Akershus i perioden 2005–2009. Frå februar 2008 var han fast møtande representant etter at Anniken Huitfeldt vart statsråd. Han har vore medlem av Kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen. Ved stortingsvalet 2009 vart han vald inn som fast representant for perioden 2009-2013.

Kjernli sat i Ski kommunestyre 2003–08, men har no permisjon fordi han møter fast på Stortinget. Han studerer statsvitskap ved Universitetet i Oslo.

[endre] Bakgrunnsstoff

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk