Gornergrat
| Gornergrat | |
| fjell | |
|
Toppen av Gornergrat med observatoriet
|
|
| Land | |
|---|---|
| Fjellkjede | Wallis-Alpane |
| høgd | 3 130 moh |
| koordinatar | |
Gornergrat er ein rygg i Wallis-Alpane i Sveits, oppfor Gornerbreen i sør. Ein kan nå ryggen med tannhjulbanen Gornergratbahn frå Zermatt. I tårna i Kulm hotell på 3089 moh ligg Kölner Observatorium für SubMillimeter Astronomie KOSMA og (fram til 2005) Gornergrat infraraude teleskop.
Ryggen ligg om lag tre kilometer aust for Zermatt i den sveitsiske kantonen Valais. Gornergrat ligg mellom Gornergletscher og Findelbreen med utsyn til meir enn 20 fjell over fire tusen meter, og av dei høgaste finn ein Monte Rosa, Lyskamm, Matterhorn, Dom og Weisshorn.
Dette er siste stopp på Gornergrat-banen, som opna i 1898, og som klatrar nesten 1500 meter gjennom grenda Riffelalp og Riffelberg. Ved endestasjonen (3089 moh) på sørvestsida av ryggen, ligg eit hotell. Stasjonen er ein del av Zermatt skiområdet. Frå 1958 til 2007 gjekk dei ei kabelvogn frå Gornergrat over Hohtälli til Stockhorn, som fram til Klein Matterhorn-banen vart bygd, var den høgaste fjellstasjonen i Zermatt.
-
Mot Matterhorn
-
Dufourspitze og Gornerbreen frå Gornergrat
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Gornergrat» frå Wikipedia på engelsk, den 13. februar 2012.