Gospa od Škrpjela

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Crkva Gospa od Škrpjela (Kyrkja Vår Frue på klippene)

Gospa od Škrpjela (serbisk: Госпа од шкрпјела; kroatisk: Gospa od Škrpjela, «Vår Frue på Klippene») er ei av to småøyar utafor kysten av Perast i Kotorbukta i Montenegro. Den andre er Sveti Đorđe. Ho er ei kunstig øy danna av store steinar og gamle skip fylt med stein.

I dag er det ein skikk å kaste stein i sjøen. Kvar år 22. juli ved solnedgang, under ei hending kalla fašinada, går dei lokale kroatiske katolikkane ut i båtane sine og kastar stein på sjøen, og på den måten gjer øya større.

Gospa od Škrpjela (til venstre) i Kotorbukta

Kyrkja Vår frue på Klippene (serbisk Црква Госпа од шкрпјела; kroatisk Crkva Gospa od Škrpjela; italiensk Chiesa della Madonna dello Scarpello) er ei kyrkje som står på øya. Den første kjende kyrkja her vart bygd i 1452, medan kyrkja i dag vart bygd i 1632 og utvida i 1722.

[endre] Kjelder

Koordinatar: 42°29′12″N 18°41′20″E

Personlege verktøy
Namnerom

Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk