Gotska Sandön

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 58°22′0″N 19°15′0″E
Gotska Sandön nasjonalpark
nasjonalpark
none  Austkysten, sett frå fyret
Austkysten, sett frå fyret
Land Flag of Sweden.svg Sverige
Landskap Gotland
Len Gotlands län
Kommune Gotlands kommun
koordinatar 58°22′0″N 19°15′0″E
Areal 44,9 km²
Grunnlagd 1909, utvida i 1963 og 1988[1]
Styre Naturvårdsverket
Sweden location map.svg
Locator Red.svg

Gotska Sandøn er ei svensk øy i Austersjøen, om lag 40 km nord for Gotland. Øya høyrer inn under Gotland kommune. Gotska Sandön har eit areal på 36,5 km. I 1909 vart nasjonalparken Gotska Sandön oppretta. Han omfatta då mesteparten av øya. Nasjonalparken har etter kvart vorte utvida til å omfatte heile øya og vatnet rundt omkring; i alt 44,9 kvadratkilometer.

Ei sandås dekkjer mesteparten av Gotska Sandön. Det høgaste punktet, Höga åsen, ligg 42 moh. Øya sine indre delar er skogkledde. Bartre, mest furu, veks der. Barlind er òg vanleg, lauvtre sjeldne. På Gotska Sandön veks òg orkidear, vaid, pimpernell og strandtorn. Rundt 50 fugleartar hekkar på øya. Der finst 910 kjende billeartar. Åtte av dei finst i Norden berre på Gotska Sandön.

Sommarstid trafikkerer rutebåtar sambandet Nynäshamn - Gotska Sandön og Fårö - Gotska Sandön.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]