Gotskalk Matiasson Seim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gotskalk Matiasson Seim
Fødd19. september 1818
Voss herad
Død4. mai 1873 (54 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Gotskalk Matiasson Seim (19. september 18184. mai 1873) var ein norsk gardbrukar, postførar og stortingsmann frå Voss.

Far hans var gardbrukar og lensmann i Voss. Sjølv kjøpte han i 1843 garden Oppeland i Voss og dreiv denne til han kjøpte garden Dukstad i same bygda. Seim var postførar mellom Voss og Lærdal frå 1839 til 1873. Han var medlem av heradsstyret 1845-73, ei tid var han varaordførar. Forlikskommissær 1859-70.

Seim var stortingsrepresentant for Søndre Bergenhus amt i tida 1862-69. Alle periodane var han medlem av justiskomite nr 1.

Han døydde i Bergen i 1873.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914