Gotthold Eisenstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gotthold Eisenstein
Fødd Berlin, Tyskland
Død Berlin, Tyskland
Nasjonalitet Tysk
Alma mater Humboldt-Universität zu Berlin
Doktorgradsrettleiar Gustav Dirichlet

Ferdinand Gotthold Max Eisenstein (16. april 182311. oktober 1852) var ein tysk matematikar som hadde talteori og matematisk analyse som spesialfelt.

Tidleg liv[endre | endre wikiteksten]

Eisenstein viste tidleg talent i matematikk og musikk. Då han var 14 år gammal byrja han studium ved Friedrich Wilhelm-gymnaset, og straks deretter på Friedrich Werder-gymnaset i Berlin. 15 år gammal hadde han lært seg all matematikk som det vart undervist i ved skulen og byrja å studere differensialrekning frå verka til Euler og Lagrange.

17 år gammal byrja Eisenstein gå på forelesningar gjeve av Dirichlet og andre ved Berlins universitet. I 1842 reiste Eisenstein til England med mora si, og i 1843 trefte han Hamilton i Dublin. Hamilton gav Eisenstein ein kopi av boka si om Abel sitt bevis for at det ikkje var mogeleg å løyse femtegradspolynom, ei bok som stimulerte Eisenstein i interessa hans for matematikken.

Matematisk gjerning[endre | endre wikiteksten]

I 1843 vende Eisenstein tilbake til Tyskland, gjennomførde eksamen for å kome inn og formelt byrja studium ved universitetet i Berlin. I januar 1844 presenterte han dei første resultata sine om kubiske former for Det prøyssiske vitskapsakademiet. Same år møtte han for første gongen Alexander von Humboldt, som vart vernaren til Eisenstein; han ordna bidrag frå kongen, den prøyssiske staten og prøyssiske vitskapsakademiet for å kompensere for den ekstreme fattigdomen til Eisenstein. Totalt 23 artiklar publiserte Eisenstein i løpet av 1833, mellom dei to bevis for kvadratiske resiprositetssatsen og tilsvarande satsar for kubisk resiprositet og bikvadratisk resiprositet.

I 1844 vitja Eisenstein Gauss i Göttingen. Kummer sørgde for at Eisenstein fekk ein æresdoktortittel ved Universitetet i Breslau. I 1847 byrja Eisenstein å undervise ved universitetet i Berlin, der blant anna Bernhard Riemann var til stades ved forelesningane hans om elliptiske funksjonar.

Gauss blir påstått ha sagt «Det har berre eksistert tre epokegjerande matematikarar: Arkimedes, Newton og Eisenstein». At Gauss nemner Eisenstein kan virke merkeleg, men Eisenstein beviste mange satsar som Gauss ikkje klarte, til dømes satsen om bikvadratisk resiprositet.

Fengsel og død[endre | endre wikiteksten]

I 1848 vart Eisenstein fengsla for ein dag av den prøyssiske armeen for revolusjonære aktivitetar. Den skjøre helsa til Eisenstein tok skade av den harde handsaminga og bidraga hans frå staten vart inndrege, under sterke protestar frå Humboldt. Eisenstein fortsette likevel å publisere avhandlingar om primtal og om resiprositet. I 1851 vart han valt inn i akademiet i Göttingen, på oppfordring av Gauss.

Eisenstein døydde i 1852, 29 år gammal, av tuberkulose. Humboldt, som var 83 år gammal, hadde då akkurat motteke bidrag for å sende Eisenstein på ferie til Sicilia.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Det finst ei rekkje matematiske satsar og termar som er kallar etter Eisenstein, mellom dei:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]