Gottle O'Geer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gottle O'Geer
Studioalbum av Fairport Convention
Innspelt Island Studios og Sawmill Studios[1]
Sjanger Folkrock
Lengd 30:35
Selskap Island
Produsent Bruce Rowland
Kritikk
Fairport Convention-kronologi 
Rising for the Moon
(1975)
Gottle O'Geer The Bonny Bunch of Roses
(1977)


Gottle O'Geer (tilskriven «Fairport» og til «Fairport Featuring Dave Swarbrick» i USA) er det ellevte studioalbumet til det engelske folkrock bandet Fairport Convention. Albumet vart gjeven ut gjennom Island Records i mai 1976.

Etter at Sandy Denny, Trevor Lucas og Jerry Donahue hadde gått frå bandet etter Rising for the Moon i 1975 var Fairport Convention redusert til Dave Swarbrick, Dave Pegg og Bruce Rowland, og platekontrakten deira gjorde dei nøydde til å lage eit album til for Island Records. Dette albumet vart resultatet og Allmusic har skildra det som «likegyldig».[2]

Albumet var opphavleg meint som eit soloalbum for Swarbrick, som seinare sa at: «Gottle O'Geer, eg vil seie ein gong for alle at det aldri var meint som eit Fairport-album. Det skulle bli soloalbumet mitt, og eg ønskjer, som folk flest, at det hadde blitt det. Chris Blackwell, som for meg er den rikaste, dumme, mest omsynslause tosken eg nokon har vore så uheldig å møtt, hadde andre idear»[3] Derfor er det mange gjesteartistar i rytmeseksjonen på denne plata.

Simon Nicol vart beden om å hjelpe til på prosjektet: «... det var mykje lydband, men det var i røynda litt som ein fillepose. Peggy og Swarb spurte meg om eg ville kome som lydteknikar for dei. Det var morosamt å vere involvert. Island gav oss bere nøklane og sa 'slå av lysa når de dreg', så det vart mange lange netter i studio.»[4]

Albumtittelen kjem visstnok frå ein mindre flink buktalar som ikkje klarte å uttale «bottle of beer».[5]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«When First Into This Country»Trad.02:30
2.«Our Band»Dave Swarbrick02:04
3.«Lay Me Down Easy»Rowland, Swarbrick05:15
4.«Cropredy Capers»Pegg, Rowland, Swarbrick03:09
5.«The Frog Up the Pump (Jig Medley)»Trad.03:16
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
6.«Don't Be Late»Rowland, Swarbrick03:24
7.«Sandy's Song»Sandy Denny03:37
8.«Friendship Song»Gallagher, Lyle03:01
9.«Limey's Lament»Rowland, Swarbrick04:35
Bonusspor på CD-utgåva
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
10.«Angles Brown»Pegg, Swarbrick04:00

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Andre musikarar
  • Eric Johns : elektrisk gitar
  • Nick Judd : piano
  • Martin Carthy : akustisk gitar
  • Ian Wilson : elektrisk gitar
  • Jimmy Jewel : saksofon
  • Henry Lowther : trompet, flygelhorn
  • Robert Palmer : munnspel, korvokal
  • Bob Brady : korvokal
  • Roger Burridge : korvokal
  • Benny Gallagher : trekkspel, korvokal
  • Graham Lyle : dobro, korvokal
  • Simon Nicol : elektrisk gitar

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Fairport: Gottle O' Geer». www.informatik.uni-hamburg.de. Arkivert frå originalen 10. juni 2011. Henta 31. januar 2011. 
  2. 2,0 2,1 «Gottle O'Geer review». Allmusic. Rovi. Henta 31. januar 2011. 
  3. «Innerviews: Dave Swarbrick - Bewitched by the muse». www.innerviews.org. Henta 31. januar 2011. 
  4. «History: Simon Nicol writes about Fairport - Fairport Convention's official website». www.fairportconvention.com. Arkivert frå originalen 11. februar 2009. Henta 31. januar 2011. 
  5. Burton et. al., Maxine (2008). Improving Reading - Phonics and Fluency. National Research and Development Centre for Adult Literacy and Numeracy, University of London. s. 10. ISBN 9781906395070. «Note the lip sats for 'big'. This is, of course, the origin of the ventriloquist's 'gottle o' gear'.»