Gould Coast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gould Coast is located in Antarktis
Gould Coast
Gould Coast (Antarktis)

Gould Coast (84°30′S 150°0′WKoordinatar: 84°30′S 150°0′W) er den delen av kysten av Antarktis som ligg langs den austlege delen av Ross isbrem mellom vestsida av Scott Glacier og sørenden av Siple Coast (83°30′S 153°0′W). Han vart namngjeven av New Zealand Antarctic Place-Names Committee i 1961 og kalla opp etter Laurence M. Gould, ein geolog som var nestkommanderande på Byrd-ekspedisjonen, 1928–30. Gould leia det geologiske laget som i 1929 kartla 280 km av denne kysten. Då han var leiar for Carleton College i Northfield i Minnesota, vart han styreleiar for U.S. National Committee for Det internasjonale geofysiske året og spelte ei viktig rolle i planlegginga av det amerikanske forskingsprosjektet for Antarktis.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Gould Coast» (innhald frå Geographic Names Information System).