Gowy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gowy
elv
Gowy ved Foulk Stapleford
Land  England
Grevskap Cheshire
Kjelde
 - stad nær Peckforton, Cheshire, England
 - koordinatar 53°05′56″N 2°41′02″W / 53.0988°N 2.6838°W / 53.0988; -2.6838
Munning
 - stad samløp med Mersey, Cheshire, England
 - koordinatar 53°17′29″N 2°51′08″W / 53.2914°N 2.8521°W / 53.2914; -2.8521
Kart
Gowy
53°17′29″N 2°51′08″W / 53.2914°N 2.8521°W / 53.2914; -2.8521
Wikimedia Commons: River Gowy

Gowy er ei elv i Cheshire i England og ei sideelv til Mersey. Ho er totalt rundt 32 kilometer lang.

Elva har utspring i den vestre delen av Cheshire, i åsane ved Peckforton Castle og landsbyen Peckforton, svært nær kjelda til elva Weaver. Mens Weaver til å byrje med renn sørover, renn Gowy mot nord, og dannar dalen som òg blir nytta av Shropshire Union Canal. Elva renn like austom Chester og passerer gjennom ein omvend hevert under Manchester Ship Canal før ho munnar ut i Mersey ved Stanlow-raffineriet rundt 3 kilometer austom Ellesmere Port. Lengda til elva har auka gjennom hundreåra etterkvart som landområde er vorte innvunnen gjennom drenering av myrene i området.

Ein av dei «romerske» bruene frå 1700-talet ved Hockenhull.

Elva er svært populær blant fiskarar og er òg heimstad for fleire sjeldne insekt. På den nedste strekninga har elva dei siste tiåra vore påverka av forureining, noko som delvis skuldast oljeraffineriet ved Stanlow og dei nærliggande motorvegane M53 og M56. Miljøgrupper har utarbeidd forslag til oppreinsking i området og gjenoppbygging av fiskebestanden.

Mellom vegen A5117 og motorvegen M56 ligg «Gowy Marshes», eit torvmyr-område med fuktig grasland og beitemarker. Dette 1,6 km² store områdde, som er ått av Shell UK, er vorte etablert som eit naturreservat.

Teljingar gjennomført av Environment Agency viser at bestand av ål i Gowy har halde seg godt oppe trass i den massive nedgangen i ålebestanden over heile Europa. Årsakene til dette er uklare, men lokal fiskarar har foreslått at ålen i Gowy moglegvis ikkje følgjer det normale vandringsmønsteret på grunn av den delvis innelukka tilstanden til elva som følgje av systemet der elva blir ført under skipskanalen i ein slags vasslås eller omvendt hevert.

Det låg tidlegare opptil 20 vassmøller langs elva. I dag er det berre nokre få tilbake: Batast Mill og Walk Mill er begge på private hender, medan Bunbury Mill og Trafford Mill blir ått av vass- og avløpsselskapet United Utilities plc. Bunbury Mill er open for ålmenta i sommarmånadene, medan Trafford Mill er under utvikling til å bli eit museum.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]