Goyt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Goyt
elv
none
Land Flag of England.svg England
Tilløp
 - venstre Todd Brook
 - høgre Sett, Etherow
Kjelde Penninane
 - høgd 520 moh
Munning Mersey
 - høgd 40 moh

Goyt er ei elv i Nordvest-England. Ho har utspring på Axe Edge Moor i den sørlege delen av Penninane, og renn derfrå mot nord og nordvest til ho i byen Stockport renn saman med elva Tame og dannar elva Mersey.

Elveløpet[endre | endre wikiteksten]

Goyt har utspring på lyngheiane ved Axe Edge, nær vertshuset Cat and Fiddle Inn. Elva renn nordover og ned i Goytdalen, der ho kryssar under Derbyshire Bridge, som var den gamle grensa mellom Derbyshire og Cheshire. Lengre ned møter ho ei gammal bru rekna på hestetrafikk, som vart flytta då Errwood-reservoaret vart bygd på 1960-talet. Like nedanfor ligg endå eit reservoar, Fernilee-reservoaret.

Goyt (til høgre) møter elva Tame i Stockport, og dannar elva Mersey.

Goyt passerer deretter gjennom Taxal og Horwich End, og fortset så gjennom Whaley Bridge, New Mills (der ho møter sideelva Sett) og Marple Bridge (der den største sideelva, Etherow, kjem inn frå nordaust). I byen Stockport flyt Goyt til slutt saman med elva Tame og dannar elva Mersey, som fortset mot vest til ho munnar ut i Irskesjøen ved Liverpool.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Goyt