Grámmos
| Grámmos Γράμμος |
|
|---|---|
| Høgd over havet | 2 520 moh |
| Ligg i/på | Ioánnina i Hellas |
| Koordinatar | Koordinatar: |
Grámmos (gresk Γράμμος) eller Gramos er ei fjellkjede nordaust i periferieininga Ioánnina og vest i Kastoriá i Hellas, i tillegg til søraust i Albania. Fjellet er den nordlegaste fjellkjeda i fjellkjeda Píndos. Det høgaste punktet er på 2 520 moh. Det har gjeve namn til landsbyen Grámos vest i Kastoriá. Fjellkjeda er om lag 25-30 km lang frå nordvest til søraust og 15-20 km brei.
Grámmos var ein skanse for kommunistane under den greske borgarkrigen og åstad for eit slag i 1949. Det er framleis minefelt etter borgarkrigen på fjellet, som gjer ferdsel her farleg.
Frå toppen kan ein sjå det søraustlege Albania, fjella i periferieininga Kastoriá og dei fleste dalane og innsjøane her, Vóiofjella og det nordaustlege av periferieininga Ioánnina, i tillegg til Smólikas og delar av Týmfi.
[endre] Næraste stader
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Gramos frå Engelsk Wikipedia .