Grängesberg
Grängesberg er ein tätort i Ludvika kommun i sndre del av Dalarna (Dalarnas län). Grängesberg har kring 3 500 innbyggarar.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Grängesberg er dominert tidlegare av jernmalmbrytinga ved Grängesbergs malmfelt som pågjekk frå 1500-talet fram til 1989. I januar 1990 gjek det siste malmtoget frå Grängesberg til Oxelösund.
Grängesbergsbolaget hadde i løpet av ein lang periode verdas største jernmalmsflotta og vid hundeårsskiftet 1899-1900 var Grängesbergsbolaget Sveriges mest lønsame foretak. I denne perioden vekste Grängesberg særs hurtig, i løpet av ti år vart folektalet tredobla. Malmfeltet i Grängesberg var Bergslagens største og den største eininga var det ein kilometer lange Exportfältet.
På starten av 1900-talet vart gruvdrifta dreve under bakken og på starten av 1970-talet braut ein i Grängesberg opp til fire millionar tonn malm pr år. Det underminerte bakken og i løpet av 1970-talet flytta ein sentrum i Grängesberg 500 meter austover. Grängesbergs tidlegare sentrum, på folkmunne kalla Gamla Grängesberg, har anten rast ned i gruva eller ligg bakom avsperringar.
Ortnamnet inneheld soknenamnet Gränge, no Grangärde, og ordet berg i tydinga bergverk eller gruvfält.
"GRUFA" i Grängesberg er ei forening som har som mål å skape ei permanent utstilling for å syne gruvearbeidarane sitt faglege og sociale arbeide. Foreninga vil gjennom profesjonell forskning kring gruvesamfunnet gi eit bilde av gruvearbeide, livet i gruvesamfunnet og gruvearbeidarane sin innsats i samfunnet.