Gråalbatross

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gråalbatross

Status i verda: NT Nær truga

Gråalbatross Foto: François Guerraz
Gråalbatross
Foto: François Guerraz

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Diomedeidae
Slekt: Phoebetria
Art: P. palpebrata
Vitskapleg namn
Phoebetria palpebrata

Gråalbatross, Phoebetria palpebrata, er ein liten albatross i slekta Phoebetria, ei slekt han deler med sotalbatross.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gråalbatross har i stor grad sotbrun eller gråsvart farge, mørkare på hovudet, med bleikare overside frå nakke til haledekkfjør som er grå til lys grå, bleikast på ryggen og baketter. Fjørdrakta har vorte skildra som å likne ein siamesar.[1] Auga er delvis omkrinsa av ein tynn, halvmåneforma ring av særs korte lyse fjører.[2] Nebbet er svart med ei blå eller kvit linje langs underkjeven, og er ca. 105 mm langt.[3] Målingar viser at kjønna er like i storleik,[4] med gjennomsnittleg kroppslengd på 79-89 cm,[5][3][6] vengespenn på 183-218 cm,[5] og vekt 2,5-3,7 kg.[2][6][7]

Distribusjon og habitat[endre | endre wikiteksten]

Gråalbatross har ei sirkumpolar pelagisk utbreiing i Sørishavet. Området spenner frå pakkisen rundt Antarktis, med den sørlegaste rekorden frå 78° S i Rosshavet, nord til ca 35° S, med sporadiske registreringar lengjer nord langs Perustraumen. Han hekkar på fleire subantarktiske øyar, med store koloniar på Sør-Georgia, Kerguelen, Macquarieøyane og minst på ei øy i det maritime Antarktis ved 62° S, King George Island.[8] Når det ikkje er hekketid lever dei til havs,[6] og beitar frå utkanten av pakkisen ved Antarktis og nordover til ca. 40° S.[2] Når dei gjer næringssøk i hekkesesongen, vil fuglane vere nærare hekkeområdet.[3]

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Dei har eit høgt skringrande læte som er trompetaktig, om dei er trua vil dei klappe med nebba eller læte ein laus 'gaaaa'.[3] Under kurtisen vil dei gjere oppvisingar i lufta og drive formasjonsflyging. Dei vil òg bruke gjensidige rop med avvik i toneleie, og endeleg nyttar dei halen meir enn andre albatrossar under oppvisingar.[2]

Gråalbatross ligg på reir
Foto: Dimitri Damasceno

Reproduksjon[endre | endre wikiteksten]

Arten hekkar i lause koloniar eller små grupper, og nokre gonger som einslege par.[3] Reiret blir bygd på ei fjellhylle med vegetasjon, eller i ei bratt skråning, skjerma frå dei mest rådande vindane. Strukturelt er reiret ein låg haug av torv og leire, 15-30 cm høg og 45-55 cm brei ved basen, og med ei skålforma grop på toppen.[4] Det inneheld litt plantemateriale og kan vere fôra med gras. Rundt oktober eller november,[3] legg hoa eitt egg, som ikkje blir erstatta om det går tapt. Begge kjønn rugar vekselvis på skift som varierer i lengd frå ein dag opp til nesten ein månad. Rugetida er 65-72 dagar.[2] Etter klekking i desember eller januar,[3] blir ungane varma på skift i ca. 20 dagar, etter det blir dei forlatne åleine i reira medan foreldra søkjer føde, dei kjem tilbake for å mate ungane med oppgulp kvar andre eller tredje dag. Hele oppsedingsperioden frå klekking til ungane er flygedyktige i mai eller juni,[3] varar 140-170 dagar.[2][6] Pardanningar kan vare i fleire tiår, og blir fornya gjennom komplekse oppvisingar på hekkeplassen i samband med kurtisen. Vanlegvis byrjar unge fuglar med hekking når dei er 8 til 15 år gamle,[2] gjer freistnad på hekking annakvart år, og kan makte å få ein flygeferdig unge kvart femte år eller så. Dei er i stand til hekking fram til dei er minst 32 år gamle og kan ha ei levetid på 40 år eller meir.[7]

Beiting[endre | endre wikiteksten]

Viktigaste ingrediensar i dietten åt gråalbatrossar er blekksprut og kril,[2] dei kan òg ta anna bytte som krepsdyr og fisk,[3][4] og dessutan et dei åtsel av sel, pingvinar og petrellar. Nokre gonger kan dei beite saman med grindkval og delfinarten Lissodelphis peronii, og av og til følgjer dei skip. Dei plukkar vanlegvis maten på eller nær havoverflata,[6] innanfor ei djupne på 5 meter, men det finst ei registrering av eit 12 meter djupt dukk.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Pizzey, Graham; Knight, Frank (2003). Menkhorst, Peter. ed. The Field Guide to the Birds of Australia (7 ed.). Sydney, Australia: HarperCollins. s. 88. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 2,6 2,7 Robertson, C. J. R. (2003). «Albatrosses (Diomedeidae)». I Hutchins, Michael; Jackson, Jerome A.; Bock, Walter J. et al.. Grzimek's Animal Life Encyclopedia. 8 Birds I Tinamous and Ratites to Hoatzins. Joseph E. Trumpey, Chief Scientific Illustrator (2 ed.). Farmington Hills, MI: Gale Group. pp. 119–120. ISBN 0787657840. 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 BirdLife International (2012) Species factsheet: Phoebetria palpebrata. Henta frå http://www.birdlife.org on 22/04/2012.
  4. 4,0 4,1 4,2 Harrison, C.; Greensmith, A. (1993). Bunting, E.. ed. Birds of the World. New York, NY: Dorling Kindersley. s. 49. ISBN 1564582957. 
  5. 5,0 5,1 Dunn, Jon L.; Alderfer, Jonathan (2006). «Accidentals, Extinct Species». I Levitt, Barbara. National Geographic Field Guide to the Birds of North America (fifth ed.). Washington D.C.: National Geographic Society. s. 466. ISBN 9780792253143. 
  6. 6,0 6,1 6,2 6,3 6,4 Davies, J. N.; Marchant, S.; Higgins, P. J. (1991). Handbook of Australian, New Zealand and Antarctic Birds. 1: Ratites to Ducks. Melbourne, Australia: Oxford University Press. ss. 347–353. ISBN 0-19-553244-9. 
  7. 7,0 7,1 7,2 Kerkove, B.; Lindsay, A. (2008). «Phoebetria palpebrata». Animal Diversity Web. http://animaldiversity.ummz.umich.edu/site/accounts/information/Phoebetria_palpebrata.html. Henta 21 Jan 2009. 
  8. Lisovski, S.; Pavel, W.; Weidinger, K.; Peter, H.-U. (2009). «First breeding record of the light-mantled sooty albatross (Phebetria palpebrata) for the maritime Antarctic». Polar Biologie 32: 1811–1813. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]