Gråbrystbrillefugl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gråbrystbrillefugl

Status i verda: LC Livskraftig

Gråbrystbrillefugl frå Victoria, AustraliaFoto: Wikipedia-brukar Fir0002
Gråbrystbrillefugl frå Victoria, Australia
Foto: Wikipedia-brukar Fir0002

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Zosteropidae
Slekt: Zosterops
Art: Z. lateralis
Vitskapleg namn
Zosterops lateralis

Gråbrystbrillefugl (Zosterops lateralis), maori Tauhou, er ein sporvefugl i brillefuglfamilien med utbreiing i Australia, på New Zealand og Dei sørvestre Stillehavsøyane Lord Howe, Ny-Caledonia, îles Loyauté, Vanuatu, og Fiji. Dei er vanlege og talrike over heile området av relativt fruktbare sørvestre og søraustre delar av Australia inkludert Tasmania og Bass-sundøyane, og gjennom den fuktige kystsona i det tropiske Queensland, inkludert Cape York-halvøya. Gråbrystbrillefuglar koloniserte New Zealand på 1800-talet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Utbreiingsområdet for gråbrystbrillefuglar.
Illustrasjon av Wikimedia-brukar Tintazul
Ein juvenil (fugleunge), foto frå Søraust-Australia.
Foto: Wikimedia-brukar benjamint444

Dette er ein grønleg brillefugl på 12 centimeter som veg ca. 13 gram. Han syner ein karakteristisk og iaugefallande kvit ring rundt auga. Undersida er lys grå til kvit med raudbrune flankar. Stjerten er kvit på undersida. Elles er hovudet og oversida i olivengrønt med grått i nakkeområdet. Det typiske habitatet deira er innanfor opphavleg skog og krattskog, men treffast òg i hagar og parkar.[1]

Gråbrystbrillefuglar hekkar i heile perioden frå september til mars, men hovudsakleg om våren og forsommaren. Dei gjer eit lite koppforma reir av materiale som gras, mose, hår, edderkopptrådar og tisteldum. Reiret heng fritt frå eit lite tre eller ein busk, ofte 2 til 3 meter over bakken.[1] Hoa legg 2-5, typisk 3 lyseblå egg. Ruginga tar til etter at det andre egget er lagt. I løpet av hekkesesongen kan dei oppsede 2 eller 3 ungekull. Etter at ungane frå siste kull er flygedyktige, vil gråbrystbrillefuglane samle seg i flokkar og mange kan migrere nordover på seinsommaren.

Trekkåtferd[endre | endre wikiteksten]

Delar av populasjonen er flyttfuglar. Fuglar på Tasmania kryssar Bass-sundet og spreier seg i Victoria, New South Wales og søraustlege Queensland. Bestandane av desse områda har ein tendens til å dra vidare mot nord, medan dei nordlegaste fuglane er standfuglar. På New Zealand er det observert lokale trekk, til dømes nordover internt på Sørøya, men ingen er dokumentert å føreta trekk over Cooksundet til Nordøya.

Gråbrystbrillefuglar var første gongen registrert på New Zealand i 1832. Dei kom då til Milford Sound[2] som ligg innanfor dagens Fiordland National Park på Sørøya. Større mengder kom først i 1856, og arten koloniserte heile landet. Seinare har dei òg kolonisert Norfolkøya og Chathamøyane. Maorien sin namn på arten, 'Tauhou', tyder «framandt» eller meir bokstaveleg, «ny tilkome».

I frukthagar[endre | endre wikiteksten]

Gråbrystbrillefuglar er altetande. Dei utfører ei verdifull teneste i hagar og frukthagar ved å beite på skadeinsekt, inkludert bladlus, skjoldlus og møll.[3] Men nokre hagedyrkarar ser på gråbrystbrillefuglar som eit alvorleg skadedyr ettersom fuglane òg beitar på eit breitt spekter av vanlege fruktartar, og valdar soleis stort økonomisk skadeverk.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Heather og Robertson, 2005
  2. Bob Brockie. Native plants and animals – overview, Te Ara - the Encyclopedia of New Zealand, updated 25-Sep-11, henta 2. desember 2012
  3. «Silvereye». TerraNature Trust. http://terranature.org/silvereye.htm. Henta 2012-09-06. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gråbrystbrillefugl