Gråflikfugl
| Gråflikfugl | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Callaeidae | |
| Slekt: | Callaeas | |
| Art: | C. cinereus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Callaeas cinereus | ||
Gråflikfugl, Callaeas cinereus, (maori: 'Kōkako') er ein sjeldan og trua sporvefugl med storleik som ein liten kråkefugl, endemisk til New Zealand. Han levde tidlegare i habitat med blanda skog over store delar av begge hovudøyane og over Stewart Island/Rakiura i sør. I dag truleg utdøydd på Sørøya, gjenlevande populasjon lever på få, spreidde stader på Nordøya og på nokre små, nærliggjande øyar.
Innhaldsliste |
Skildring [endre]
Gråflikfuglar er store sporvefuglar, 38 centimeter og veg 230 gram, har mørk, gråblå fjørdrakt, ei svart maske frå auga og framover. Halen er lang. Nebbet er svart, kraftig og nedbøygd. Beina er òg svarte. Ein hudfold som heng ned frå nebbrota er i klår blå farge på underarten på Nordøya. Underarten på Sørøya hadde oransje hudflik. Kjønna er like og ungfuglane har avdempa farger med svakt lyseraude hudfliker. Desse fuglane spring rundt på bakken heller enn å flyge, og flyg sjeldan over lange distansar.
Dette er fuglar som lever i skogsområde i lågland med høg blanda barskog som inkluderer hardvedsortar av slekta Podocarpus og andre i gultrefamilien, og elles inneheld stort utval av planteartar. Då europeisk kolonisering tok til, var arten utbreidd i skogshabitat på heile Nordøya, vestlege Sørøya og på Stewart Island. I dag reknast dei som utdøydde på Sørøya og på Nordøya er han avgrensa til små skogshabitat, dei sterkaste populasjonane i Urewera Range, Bay of Plenty og King Country. Dessutan i små mengder i Northland, åsane Hunua Ranges søraust for Auckland, i sørlege Waikato og nordlege Taranaki. Det finst små bestandar på Little Barrier Island, Tiritiri Matangi Island og Kapitiøya.
Gråflikfuglparet vernar territorium heile året, hannar vernar det over fleire år. Hoa byggjer reiret høgt, men under trekrona. Egglegging kan skje i perioden frå oktober til desember, og dei legg eitt kull i sesongen, på 2-3 egg. Hofuglane startar hekking når dei er ca. eit år gamle, forventa levealder er ikkje kjent, men ein kjenner eit individ som blei 11 år, truleg kan somme leve i over 20 år. Paret kan synge duett med strofer av orgel eller fløyteliknande tonar. Eit typisk rop er eit langsamt, klårt 'ko-ka-ko-o-o-o' som òg er opphavet til artsnamnet på maori.
Føda består hovudsakleg av blad og frukt med tilskot av virvellause dyr, men dei kan òg ete insekt og mate ungar med insekt.
Arten har status som endemisk verna og trua, bestanden estimert til ca. 1500 individ og er aukande, men avhengig av vernetiltak. Trugsmål er habitatstap ved hogst og fragmentering av skog, samt av innførte predatorar som rotter og røyskattar.[1]
Underartane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011:[2]
- Callaeas cinereus wilsoni, Nordøya og nærliggjande øyar
- Callaeas cinereus cinereus, Sørøya, truleg utdøydd
Kjelder [endre]
- Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
- BirdLife International (2012) Species factsheet: Callaeas cinereus. Henta frå http://www.birdlife.org den 9. september 2012
Referansar [endre]
- ↑ BirdLife International 2012
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 7. januar 2012
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar, bilete og lydopptak av gråflikfuglar hos Internet Bird Collection