Grålire

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Grålira)
Grålire
Grålire
Grålire
Utbreiing og status
Status i verda: NT Nær trugaUtbreiinga av Grålire
Utbreiinga av Grålire
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Aequornithes
Orden: Stormfuglar Procellariiformes
Familie: Stormfuglfamilien Procellariidae
Slekt: Ardenna
Art: Grålire A. grisea
Vitskapleg namn
Ardenna grisea

Grålire, Ardenna griseus, er ei stor lire i stormfuglfamilien. Ho hekkar ved New Zealand, Australia og sørspissen av Sør-Amerika inkludert Falklandsøyane, og er ein langdistansemigrant som spreier seg over alle verdshava unntatt Indiahavet og Nordishavet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Grålira er 40–51 cm i kroppslengd med ein 94–110 cm vengespenn[1] og ho veg 718 gram i gjennomsnitt. Ho brukar ein flygeteknikk typisk for slekta, bikkar frå side til side på stive venger med få vengeslag, så nær bølgjene at vengetuppen nesten skjer i vassoverflata. Flyginga er kraftig og direkte, med stive og rette venger gjev dei inntrykket av ein veldig liten albatross. Denne lira kan bli identifisert ut frå den mørke fjørdrakta, som òg har gjeve namnet til arten. I vanskelege lystilhøve kan fuglen gje inntrykk av å vere svart, men i godt lys ser ein drakta som mørk sjokoladebrun med ein sølvgrå blink i undersida av vengen.

I Atlanterhavet er ho einaste arten med denne utsjånaden, men i delen av Stillehavet der ho finst lever det andre mørke lirer. Spesielt er smalnebblira nær umogleg å skilje frå grålira på avstand.[2]

Distribusjon og rørsler[endre | endre wikiteksten]

Ein liten del av ein stor flokk på kysten av California, USA i september
Foto: marlin harms

Grålira hekkar på små øyar i det sørlege Stillehavet og på søratlantiske øyar, hovudsakleg rundt New Zealand, Falklandsøyane, Tierra del Fuego og dessutan på Auckland-øyane og Phillip Island utanfor Norfolkøya. Dei startar hekkinga i oktober, og rugar på egget i ca. 54 dagar. Etter klekking, gjev foreldra føde til ungen i 86 til 109 dagar.[1]

Dette er spektakulære langdistansetrekkfuglar. Når hekketida er over i mars til mai, trekkjer dei nordover både i Stillehavet og Atlanterhavet, kjem opp til sub-arktiske farvatn i juni til juli. Dei er selskaplege, og dannar flokkar på opp til 500 000 individ både under trekket, og når dei beitar ved hekkekolonien.[3]

I Atlanterhavet kan dei trekkje i overkant av 14 000 km frå kolonien på Falklandsøyane og nord til mellom 60° og 70° N i Nord-Atlanterhavet; avstandar dekt i Stillehavet er samanliknbare, sjølv om koloniane i Stillehavet ikkje ligg fullt så langt sør, utanfor New Zealand. Merking med elektronisk utstyr som registerer rørsler, har vist at fuglar som hekkar på New Zealand kan reise 74 000 km i året, i snitt meir enn 500 km per dag.[4] Overvintringsområde ligg til havs ved Japan, Alaska og California.

I norske farvatn[endre | endre wikiteksten]

I Norsk Ornitologisk Forening og Artsdatabanken sitt rapportsystem for fuglar er det meldt inn observasjonar av over 2500 grålirer i åra frå 2006 til 2011. Dei fleste er observerte på Vestlandet, men det finst òg observasjonar nord til Finnmark og ein på Svalbard. Langt dei fleste, over 2000 av observasjonane er registrerte i september månad.[5]

Økologi og status[endre | endre wikiteksten]

Grålira lever av fisk og blekksprut. Dei kan dukke til 68 meters djupne etter mat,[4] men meir vanleg plukkar dei føda på overflata, særleg rundt kval som har jaga fisk. Dei vil òg følgje etter fiskebåtar for å ta fiskeavfall som blir kasta overbord.

Dei hekkar i store koloniar og hoa legg eitt kvitt egg. Reirplassen ligg inne i hòler og er fôra med plantemateriale. Lira vitjar hekkeplassen berre om natta for å unngå predasjon.

Maoriar på New Zealand, haustar kvart år om lag 250 000 fuglar for oljer, mat og feitt.[1] Dei hentar ungar opp frå reirhòlene, og saltar dei slik at dei blir haldbare.

Populasjonstala har vore fallande dei siste tiåra, og arten er i dag klassifisert som 'nær truga' av IUCN.[6] I 2009 var fangstane rekordlåge, der gjennomsnittleg fangst i bur skulle gje nesten 500 fuglar, blei tala i 2009 nærare 40 fuglar fanga per bur.

Mengder hekkande par er for tida (2011) anslått til 20 millionar individ,[6]Snareøyane aleine hekkar ca. 2,75 millionar par.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 McGonigal, David (2008). Antarctica: Secrets of the Southern Continent. Buffalo, NY: Firefly Books. s. 220. ISBN 978-1-55407-398-6. 
  2. VanderWerf, Eric A. (2006): Observations on the birds of Kwajalein Atoll, including six new species records for the Marshall Islands. Micronesica 38(2): 221–237. PDF fulltext Arkivert 2011-06-15 ved Wayback Machine.
  3. 3,0 3,1 Heather og Robertson 2005
  4. 4,0 4,1 Shaffer, S.A.; Tremblay, Y.; Weimerskirch, H.; Scott, D.; Thompson, D.R.; Sagar, P.M.; Moller, H.; Taylor, G.A.; Foley, D.G.; Block, B.A. & Costa, D.P. (2006): Migratory shearwaters integrate oceanic resources across the Pacific Ocean in an endless summer. PNAS 103(34): 12799-12802. doi:10.1073/pnas.0603715103PDF fulltext[daud lenkje] Supporting figures
  5. Rapportsystemet for fugler systemet samlar informasjon lagt inn av friviljuge observantar og tala representerer ikkje eit perfekt statistisk utval av fuglar som faktisk passerer kysten. Observasjonar henta frå systemet 7. juni 2012
  6. 6,0 6,1 BirdLife International Species factsheet 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]