Gråor
| Gråor | ||
| Systematikk | ||
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Klasse: | Magnoliopsida | |
| Orden: | Fagales | |
| Familie: | Betulaceae | |
| Slekt: | Alnus | |
| Vitskapleg namn | ||
| Alnus incana | ||
Gråor eller gråolder (Alnus incana) er eit tre av oreslekta i bjørkefamilien.
Innhaldsliste |
Utbreiing [endre]
Gråora finst i Nord- og Austeuropa og i Kaukasus. I Noreg veks gråora vilt over nesten heile landet.
Gråora veks gjerne på flaummark og i fuktige lier, helst på leirgrunn. Ho er hardfør og toler godt frost.
Gråora er rask til å etablere seg på nye flater, som på rasmark. Treet veks raskt, men det vert ikkje særleg gammalt, ofte berre 40 år, men kan og bli opptil 200 år.
Ora veks i symbiose med soppen Schinzia alni, som lever i knollar på orerøtene. Desse tar opp nitrogen frå lufta. Den rike tilgangen på nitrogen gjer at ora kan tillate seg å felle grøne blader. Slik aukar næringsinnhaldet i skog med oretre.
Utsjånad [endre]
Gråora kan på god jord bli oppunder tjue meter høg med stamme og kjegleforma krone. På skrinnare jord eller myrjord veks ho ofte buskaktig.
Gråora har glatt grå bark med eit grønt skjer. Eldre bark kan få eit fåtal djupe furer nedst på stammen. Vinterknoppane er purpurraude, skota er raudbrune på oversida og olivengrøne på undersida. Blada er skarpt tanna matt grøne på oversida og grålege på undersida. Unge blad er hårete over det heile; eldre blad er hårete berre langs nervebanane.
Gråora er av dei tre som blomstrar tidlegast, i Noreg blomstrar ho gjerne i april. Horaklene sit i grupper på 3 til 8 på lysbrune, finhåra stilker. Frøet sit i ein nøttefrukt som flyt godt, slik at ora lett spreier seg langs vassdrag.
Underartar [endre]
Vanleg gråor, ssp. incana, er i Noreg vanlegast i låglandet, men manglar ytst på kysten.
Kolagråor, ssp. kolaensis, har meir nordaustleg utbreiing, og er vanleg i fjellskogen.
Mellomformer av underartane er vanlege.
Bruk [endre]
Veden er laus og lett. Sidan han er lett, er brennverdien tilsvarande låg, omtrent som for gran, med tørr gråorved har den fordelen at han gir lite røyk og lite gnistar.
Under andre verdskrigen vart gråora sterkt etterspurt som brensel i gassgeneratorar, som også vart bruka til framdrift av bilar.
Kjelder [endre]
- Alan Michell: Trr i skog og hage. Oslo 1977. ISBN 82-10-01282-7 * Johannes Lid: Norsk flora. Oslo 2004 ISBN 82-521-6029-8
- Knut Fægri: Norges Planter Oslo 1958
- Knut Skinnemoen: Skogskjøtsel Oslo 1968