Gråryggstormsvale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gråryggstormsvale

Status i verda: LC Livskraftig

Illustrasjon av John Gould, i public domain
Illustrasjon av John Gould, i public domain

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Hydrobatidae
Slekt: Garrodia
Art: G. nereis
Vitskapleg namn
Garrodia nereis
Gould, 1841

Gråryggstormsvale, Garrodia nereis, er ein sjøfugl i stormsvalefamilien. Han har ei sub-antarktisk, sirkumpolar utbreiing.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

East of the Tasman Peninsula, Tasmania, Australia
Foto: JJ Harrison

Dette er ei mellomstor stormsvale, ca. 18 centimeter med ei gjennomsnittleg kroppsmasse på 35 gram. Fjørdrakta har i korte trekke kvit underside og mørk overside; heile hovudet, halsen og øvre bryst er gråsvart. Undersida av vengene er kvite med mørk innramming, elles er heile undersida kvit. Oversida av venger, rygg og hale er askegrå, med svart band på enden av halen og svart mot enden av vengefjørene. Beina stikk litt bak enden av halefjørene når dei flyg.[1]

Dei lever rundt randen av kontinentalsokkelen og beitar spreidd og pelagisk, tar larver av skjeldyr, krepsdyr, blekksprut og dels òg småfisk. Dei plukkar føda som andre artar i stormsvalefamilien ved å «vandre» på havoverflata. I hovudsak er dei standfuglar utan lange, regelbundne trekk.

Gråryggstormsvaler dannar lause koloniar på isolerte øyar og hekkar på frå Falklandsøyane i vest og austover til øyane rundt New Zealand, slik som på Chatham-øyane. Storleiken på populasjonen er estimert til 200 000 kjønnsmodne individ.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Heather og Robertson, 2005

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]