Gråsona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gråsona var den siste uavklarte grensa Noreg hadde, etter at Noreg og Danmark/Grønland vart samde om grensa mellom Svalbard og Grønland i 2006. Den siste norske grensa til lands vart trekt i 1826, mellom Noreg–Sverige og Russland. Noreg og Russland vart i 2010 samde om ei deling av havområdet som utgjorde gråsona.[1] Før dette var grensa regulert gjennom ein avtale om gråsona. Området vart i avtalen delt omtrent likt mellom Noreg og Russland.[2]

Konflikten[endre | endre wikiteksten]

Det omstridde området i Barentshavet dekte 175 000 kvadratkilometer hav med viktige fiskeressursar og med potensiale for utvinning av olje og gass. Både Noreg og Russland innførte 200 mils økonomisk sone i 1976. Noreg meinte den gongen at grensa mellom dei to sonene skulle følgje midtlinjeprinsippet, altså ei linje som går midt mellom territoriet til dei to statane. Russland meinte at skiljelinja skulle følgje sektorprinsippet, altså ei linje trekt frå grensa i Varangerfjorden og rett til polen. I 1978 vart Noreg og Russland samde om ein gråsoneavtale for å kunne ha kontroll med fisket i det omstridde området. Gråsona ligg i den sørlege enden av det omstridde området og dekkjer 67 000 kvadratkilometer. Gråsona dekkjer berre ein liten del av det omstridde området, og i tillegg ligg 22 000 kvadratkilometer (tilsvarer Oppland fylke) av gråsona på det som er uomstridt norsk område, medan gråsona berre dekkjer 3000 km² av det som er uomtvista russisk område. Gråsoneavtalen gjaldt berre for eit år om gongen, men vart forlenga kvart einaste år etter at avtalen vart inngått.

Folkeretten[endre | endre wikiteksten]

Havrettstraktatens artikkel 15 og Genevekonvensjonen av 1958 fastslår at midtlinjeprinsippet skal vere det normale når ein skal strekkje grensar til sjøs. Ut frå dette står det norske kravet på trygg folkerettsleg grunn. Det er i traktatane opna for at det kan gjerast unntak frå dette prinsippet om spesielle omsyn talar for det. Usemja mellom Noreg og Russland handlar om kor vidt det finst spesielle omsyn. Russland viser til at dette er i polområda og at Russland allereie i 1926 gjorde krav på øyer i havet nord for Russland ut frå sektorprinsippet. Det er dermed ikkje eit opportunistisk krav laga i denne samanhengen. Også Canada legg tilsvarande prinsipp til grunn i si forståing av grensene i nord. Det kan og vere verd å peike på at krava i Antarktisk (med unntak av det norske) blir avgrensa av rette sektorlinjer trekt mot polen. Det kan og leggjast vekt på at det bur fleire på russisk side av grensa enn på norsk side. Sett frå norsk side understrekar dette behovet for å halde oppe folketalet i Nord-Noreg og Finnmark spesielt.

Det hadde frå norsk side vore eit sterkt ønske om å oppnå semje med Russland om grensa til sjøs. Det blei sett på som tryggare med klart definerte grenser mot den store naboen Russland. Frå russisk side var ikkje dette ønsket like sterkt. Det hang mellom anna saman med at Gråsona gjekk langt inn i norsk område, men også ei langsiktig haldning frå russisk side med ønske om fellesstyre i nord, såkalla kondominium. Dette var spesielt i høve til Svalbard, men gav seg nok og utslag med omsyn til Gråsona.

Semje om ny grense[endre | endre wikiteksten]

Gråsona omfatta ein sørleg del av det omstridde området, i tillegg til ubestridde norske og ubestridde russiske område.[3] 27. april 2010 vart Noreg og Russland einige om ein deling av det omstridde området.[4] Etter at ein vart enige om ein grenseavtale og at denne tredde i kraft, er det ikkje lenger behov for Gråsoneavtalen.[5]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statsministerens kontor (27. april 2010), «Enighet mellom Norge og Russland i delelinjeforhandlingene», Regjeringen.no (på norsk), henta 29. oktober 2018 
  2. Statsministerens kontor (15. september 2010), «Avtalen om avgrensning og samarbeid i Barentshavet og Polhavet undertegnet», Regjeringen.no (på norsk), henta 29. oktober 2018 
  3. Utenriksdepartementet (26. november 2010), «Prop. 43 S (2010–2011)», Regjeringen.no (på norsk), henta 29. oktober 2018 
  4. kontor, Statsministerens (27. april 2010), «Enighet mellom Norge og Russland i delelinjeforhandlingene», Regjeringen.no (på norsk), henta 29. oktober 2018 
  5. Utenriksdepartementet (16. september 2010), «Spørsmål og svar», Regjeringen.no (på norsk), henta 29. oktober 2018