Gråsporv

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Gråspurv)
Gråsporv
Gråsporvhann
Gråsporvhann
Gråsporvhoe
Gråsporvhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av gråsporv
Utbreiinga av gråsporv
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Overfamilie: Passeroidea
Familie: Sporvefamilien Passeridae
Underfamilie: Passerinae
Slekt: Passer
Art: Gråsporv P. domesticus
Vitskapleg namn
Passer domesticus

Gråsporv (Passer domesticus) er ein fugleart og medlem av sporvefamilien. Arten er ein er standfugl som held seg nær matkjelder som fuglebrett heile vinteren, og er kjend for å kunne legge fleire kull kvart år. Han trivst nær hus og menneske, og særleg i byar. Han lever dei fleste delar av verda med folkesetnader.

Dette er ein liten fugl, ca. 16 cm, hoer og ungfuglar er farga bleikbrune og grå, og hannane har lysare svarte, kvite og brune teikningar. Han er ein av rundt 30 artar i slekta Passer, gråsporven har naturleg utbreiing i det meste av Europa, Middelhavsbassenget og i ein stor del av Asia. I tillegg har menneske tilsikta eller utilsikta innført gråsporven til fleire verdsdelar og mange regionar, inkludert delar av Australasia, Afrika og Amerika, dette gjer han til ein av dei mest utbreidde fugleartane.

Gråsporven er sterkt assosiert med menneskelege busetnader, og kan leve i både urbane og landlege omgjevnader. Sjølv om han finst i vidt varierte habitat og klima, unngår han typisk omfattande skogsområde, grassletter og ørkenar. Han lever for det meste på frø av korn og gras, men han er opportunistisk og vil ofte ete insekt og anna føde. Predatorar inkluderer huskattar, haukar og mange andre rovfuglar og pattedyr.

På grunn av den store bestanden, vide utbreiinga og tilknyting til menneskelege busetjingar, er gråsporven kulturelt framtredande. Han har vore handsama som eit landbruksskadedyr. Han har òg ofte vorte halde som kjæledyr, i tillegg til å vere ei matkjelde. Vernestatusen for arten er sett til livskraftigIUCN si raudliste jamvel om bestanden gått ned i nokre område.[2] I 2021 kom arten inn på den norske raudlista for artar i kategorien nær truga, NT.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Gråsporven har ei typisk lengde på 16 cm og ein masse på rundt 30 gram. Hannen har oskegrå hette, kastanjebrun nakke og stor svart strupeflekk. Hoa er meir einsfarga og har ikkje det brunraude nakkepartiet og den svarte strupeflekken. Gråsporven er svært selskapeleg og er titt og ofte på fuglebrettet. Han kan ofte bli forveksla med pilfinken, men han er litt mindre enn gråsporven og har ein svart flekk på kinnet.

Gråsporven er ein av dei best kjende fuglane i verda. Han lever i tettbygde strok over nesten heile Noreg. Om våren kan du sjå han i store flokkar i buskar og hekkar der han syng av all si lyst.

Gråsporven er ein selskapeleg fugl, uredd, men samstundes vaktsam på farar. Han held saman i livsvarige par. Reira legg han gjerne under takstein og i fuglekasser. Dei er laga av strå, fjør, ull og hår. Fuglen legg 4-6 gråvorne egg. Fargen varierer, dei kan vere grønlege, kvite eller grågrøne med grå, brune eller grønbrune flekkar. Gråsporven rugar på egga sine i 10-14 dagar. Dei legg 2-3 kull i løpet av april, mai og juli. Ungane er i reiret i rundt 15 dagar.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Gråsporven er ein fugl som er tilpassingsdyktig når det gjeld å finne mat. Han lever av plantefrø og er spesielt glad i korn, som havre og kveite. Om sommaren et han mykje insekt.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Det naturlege leveområdet er Eurasia, Europa austover til Mongolia, sørlege og sentrale Sibir austover mot Amurbukta og nordaustlegaste Kina, dessutan små isolerte bestandar på Sakhalin og Kamtsjatkahalvøya. Frå Nordvest-Afrika til Midtausten, det meste av Den arabiske halvøya, over vestlege og sørlege Asia til Laos. Landa i og rundt Sentral-Asia og Den transkaspiske regionen: Kasakhstan, Afghanistan og nordvestre Pakistan, Turkmenistan, Himalaya med Nepal og sørvestre Tibet. I Afrika finst dei dessutan sørover langs Nildalen til Sudan.[3] I Europa finst dei på Island og Færøyane, men har fråvære frå det meste av Italia der romarsporv (Passer italiae) dominerer.

Gråsporv er innført av menneske til andre område med busetnader, mellom anna til Sør- og Nord-Amerika, sørlege Afrika og vestlege Australia og New Zealand. Ein teori som kan forklare den snøgge ekspansjonen med menneske dei siste hundreåra er at gråsporvar følger med matvaretransport, til dømes i lasterom på båtar og bilar.[4]

Vern og status[endre | endre wikiteksten]

Den globale populasjonen er stor, men minkande og estimert til ca. 900 millionar-1 310 millionar individ.[2] Bestanden i Noreg trudd å vere 260 000 og 520 000 individ per 2015 og har minka med ca. ein tredel i perioden 2008 til 2019. Arten er klassifisert som nær truga på den norske raudlista.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av gråspurv Passer domesticus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 30. januar 2022
  2. 2,0 2,1 BirdLife International (2022) Species factsheet: Passer domesticus. Henta frå http://www.birdlife.org 30. januar 2022
  3. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, S. M. Billerman, T. A. Fredericks, J. A. Gerbracht, D. Lepage, B. L. Sullivan, and C. L. Wood. 2021. The eBird/Clements checklist of Birds of the World: v2021. Henta 2. februar 2022
  4. Lundevall, Carl-Fredrik (1996). Fugler i Norge og Norden. Teknologisk forl. s. 240. ISBN 8251205034. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gråsporv