Gråviftestjert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gråviftestjert

Status i verda: LC Livskraftig

Gråviftestjert i Canberra, Australia, august 2010Foto: Duncan McCaskill
Gråviftestjert i Canberra, Australia, august 2010
Foto: Duncan McCaskill

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Rhipiduridae
Slekt: Rhipidura
Art: R. albiscapa
Vitskapleg namn
Rhipidura albiscapa
Gould, 1840

Gråviftestjert (Rhipidura albiscapa) er ein liten insektetande sporvefugl. Dette er ein vanleg viftestjert funnen i Australia unntatt vestlege ørkenområde, på Ny-Guinea, Salomonøyane, Vanuatu og New Caledonia. Mange har rekna arten som same arten som maoriviftestjertNew Zealand,[1] men på grunn av skilnadane i lætet har somme autoritetar no handsama maoriviftestjert som ein eigen art, stadeigen for New Zealand.[2][3]

Dette viftestjerten er middels til mørk grå eller gråbrun på oversida, lysare, og ofte gulaktig til oransje på undersida, med ein kvit hals, kvite teikningar over auget, og avhengig av underart anten kvit kantar eller heilt kvit ytre halefjører. Kroppslengda er 16 centimeter, og av det er halen halvparten. Som namnet seier, er halen ofte vist i vifteform. Då er det synleg at dei ytre halefjørene er lyse og dei ​​midtre dei er mørke. Nokre underartar er har ei mørkare fjørdrakt.

Levevis og åtferd er som hos maoriviftestjertar, han flyttar seg fort frå stad til stad, oftast mellom kvistar på tre eller anna passande objekt medan dei jaktar på flygande insekt. Fuglane er ikkje sky, og vil ofte flyge berre få meter frå menneske.

Underartar[endre | endre wikiteksten]

Underartane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012.[4]

Gråviftestjert, Rhipidura albiscapa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bird Life International, Grey Fantail, oppslag på Rhipidura fuliginosa hos Birdlife International Database forklarer kvifor dei ikkje ser på viftestertar i Australia og på New Zealand som ulike artar.
  2. Både IOC-lista (http://www.worldbirdnames.org/n-vireos.html) og Clementslista (http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view) godtar Rhipidura fuliginosa som ein sjølvstendig art.
  3. Christidis, Les; Boles, Walter (2008). Systematics and taxonomy of Australian Birds. Collingwood, Vic: CSIRO Publishing. ss. 195–196. ISBN 978-0-643-06511-6. 
  4. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 29. september 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Gråviftestjert