Gréta Salóme Stefánsdóttir

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Gréta Salóme Stefánsdóttir, eller berre Gréta Salóme (fødd 11. november 1986) er ei islandsk songarinne og fiolinist. Ho og Jón Jósep Snæbjörnsson representerer Island i Eurovision Song Contest 2012 med songen «Never Forget».

Gréta Salóme Stefánsdóttir har spelt fiolin sidan ho var fire år gamal. Seinare har ho teke musikalsk utdanning; ho fullfører ein mastergrad i musikk våren 2012. I tillegg speler ho andrefiolin i Island Symfoniorkester. [1]

Stefánsdóttir vann Söngvakeppni Sjónvarpsins i 2012 med songen «Mundu eftir mér» saman med Jón Jósep Snæbjörnsson. Songen var også skriven av Gréta Salóme, men vart seinare omsett til engelsk og fekk tittelen «Never Forget». Songen vart framført som den fyrste i fyrste semifinale i Baku og gjekk vidare til finalen, der han enda på ein 20. plass.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Intervju med ESCNorge

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]