Grønlandsmåse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grønlandsmåse
Grønlandsmåse
Grønlandsmåse
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av grønlandsmåse
Utbreiinga av grønlandsmåse
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Overorden: Neoaves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Slekt: Larus
Art: Grønlandsmåse L. glaucoides
Vitskapleg namn
Larus glaucoides

Grønlandsmåse, Larus glaucoides, er ein fugleart i måsefamilien.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Fuglen er 50–66 cm lang, vengespennet 115–140 cm, og vekta 820-1100 gram. Han er knapt så stor som gråmåsen og kvitaktig i heile fjørdrakta.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Fuglen hekkar i det arktiske Canada og Grønland.

Førekomst i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Arten kan sjåast av og til på kysten om vinteren, enda sjeldnare til andre årstider.

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Grønlandsmåseegg

Grønlandsmåsen hekkar i koloniar, og i blant aleine, ved kysten. Dei 2-3 egga vert lagt i eit reir på marka.

Trekktilhøve[endre | endre wikiteksten]

Grønlandsmåsen er ein trekkfugl som overvintrar i dei nordaustlege statane i USA og på dei britiske øyane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]