Grønsand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
A sample of Cretaceous greensand from near Swanage, Dorset.

Grønsand eller grønsandstein er sand eller sandstein som er farga olivengrøn av glaukonitt. Ein finn hovudsakleg denne bergarten i marine sediment som er avsett sakte fleire stader i verda. Grønsand er stundom rik på fossil, særleg avleiringane frå seint i krittida rundt New Jersey i USA.[1] Viktige grønsandsframbrot finn ein òg både nord og vest i Europa og i Nord-Amerika.

Grønfargen til grønsand kjem av mineralet glaukonitt, som er jern-kalium-silikat som forvitrar lett. På grunn av kaliuminnhaldet vert steinen nytta som hagegjødsel. Glaukonitten i grønsand vert òg nytta til å gjere vatn mjukare.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dale A. Russell, An Odyssey in Time (Toronto: University of Toronto Press, 1989), pp. 137-9.