Grønsisik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grønsisik

Status i verda: LC Livskraftig

Grønsisikhann. Foto: Sławomir Staszczuk
Grønsisikhann.
Foto: Sławomir Staszczuk

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Fringillidae
Slekt: Carduelis
Vitskapleg namn
Spinus spinus

Grønsisik (Spinus spinus, òg Carduelis spinus) er ein fink med gulgrøn fjørdrakt.

Grønsisikho.
Foto: Marek Szczepanek

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Grønsisiken er ein liten fugl på om lag 12 cm. Den grøn-gule fjørdrakta og det skarpe, smale nebbet er typisk for grønsisiken. Hoa er meir grå-grøn enn hannen, som også har ein svart hovud kalott og ein svart strupeflekk. Grønsisiken har ei variert kvitring og herming etter andre fuglar. Hannen lokkar hoa med plystring, der den eine lyden er «dettande» og den andre er stigande. Fuglen opptrer ofte i flokkar.

Utbreiingskart. Gult viser sommartilhaldsområde med hekking, grønt fast tilhald med hekking, og blått vinterområde utan hekking.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Grønsisik har ei nordleg palearktisk utbreiing og finst frå Irland i vest til Japan i aust. Han er delvis ein trekkfugl, men kan overvintre på stader der han kan livnære seg av frø. Elles kan overvintringsstadene vera så langt sør som Middelhavslanda, Kina og Ryukyuøyane. I Noreg finn grønsisiken mest frø i sør der han er mest om vinteren om han ikkje reiser til Mellom- eller Sør-Europa. Han kjem vanlegvis tilbake til Noreg i mars-april.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Grønsisiken lever av frø, og kan derfor overleve vinteren i dei fleste stader i Noreg frå år til år. Då vil også bestanden variere forskjellig i åra. Bestanden kan endre seg så mykje som 100 000 til 1 million.

Forplanting[endre | endre wikiteksten]

Carduelis spinus

Fuglen hekkar vanlegvis i gran- eller furuskog. Reiret er bygd av strå, mose eller lavbitar og han har reiret sitt i bartre. I reiret ligg det 4–6 egg som blir ruga av hoa i 2 veker. Egga blir klekt i april–mai, og hoa kan legge to kull. Når ungane er 13–15 dagar gamle forlet dei reiret.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Grønsisikar lever av frø frå kongle, men ungane får litt insekt også. Om vinteren et dei or kongler eller ugrasfrø. Du kan også sjå den på fuglebrettet om vinteren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Grønsisik