Grønskifer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Klorittskifer, ein type grønskifer.

Grønskifer er ein type metamorf skifer som inneheld større mengder av dei grøne minerala kloritt, epidot og aktinolitt. Ein kan òg finne andre ineral som kvarts, feltspat, muskovitt, kalsitt og dolomitt.

Grønnskifer oppstår ved temperaturforhold kring 300-500 °C, som vert rekna som forholdsvis låge temperaturar, og dei oppstår ut frå opphavlege vulkanske bergartar, som havbotnsbasalt. Ein finn dei i mange fjellkjeder, som i Noreg.

Området der temperatur- og trykktilhøva er slik at grønskifer kan oppstå, vert kalla grønskiferfacies.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]