Grønstein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Grønstein er ein metamorf bergart som er danna av basiske vulkanske bergartar som basalt og diabas under relativt låg temperatur. Steinen inneheld grøne mineral som kloritt, epidot og amfibol.

I Noreg finn ein mykje grønstein i Trondheimsfeltet.

Grønstein er òg eit fellesomgrep for flintliknande, omadanna vulkanske bergartar som vart nytta i steinalderen til våpen og reiskap. På Hespriholmen utanfor Bømlo i Hordaland vart det i steinalderen mellom kring 7500 til 2000 f.Kr. drive steinbrot på slik grønstein.

Sjå òg [endre]

Kjelder [endre]