Grøtøy gamle handelsstad

Koordinatar: 67°50′2.8608″N 14°45′56.250″E / 67.834128000°N 14.76562500°E / 67.834128000; 14.76562500
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

67°50′2.8608″N 14°45′56.250″E / 67.834128000°N 14.76562500°E / 67.834128000; 14.76562500

Hovudhuset på Grøtøya i 2005
Foto: Thor-Rune Hansen

Grøtøy gamle handelsstad låg i Steigen kommune i Nordland på øyane Grøtøya, Manshausen og Naustholmen. Handelsstaden vert grunnlagd i 1690 og var ein av dei største i Nordland fram til det gjekk konkurs i 1923. I fleire generasjonar tilhøyrde staden familien Schøning.

Grøtøy handelsstad blei grunnlagd av Oluf Hartvigsen (1656–1746). Han hadde arva Grøtøya etter faren Hertvig Arnesøn som var prest i Steigen.[1] Det starta med eit lite føretak med handel og jektebruk. Oluf Hartvigsen skaffa seg fortrinnsrett på å frakte varer for gardbrukarane i distriktet, varer som skulle til Bergen og til fiskeværa i området.[1]

Handelsstaden låg på ein strategisk plass og var siste stoppestad før Vestfjorden for fiskarane som skulle på Vestfjordfisket.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Heimsundet sett mot Grøtøy. Frå venstre den gamle krambua, bakarhuset, Hellandshuset eller losjihuset, krambua og brygga. Bilete frå 1910.
Kart med dei tre øyane som til saman utgjorde handelsstaden. Grøtøya er den største.
Arent Schøning (1781-1848) var fyrst gift med Anna Johanne Margarete Angell (1784-1811) og i andre ekteskap med Johanne Sophie Amalie Normann (1784-1853).

Oluf Hartvigsen var gift to gonger. Fyrste kona Maren Pedersdater Leth døydde i 1717 og i 1722 gifta han seg opp att med Apollona Schøning (1694–1784). Han var då 66 år gamal og ho 28 år.[2] Dei fekk 6 barn saman. Oluf døydde i 1746 og Apollona kunne ikkje drive handelsstaden åleine og gav den difor over til sonen Arent (1727–1774). Han tok etternamnet til mora og slik blei eigarane på Grøtøya heitande Schøning.[2]

Arent fekk eigedomsrettane til Grøtøya ved kongeleg resolusjon i 1762 og frå denne tida vert øya eit privateigd føretak.

Arent gifta seg med Sophie Maria Meldal i 1752 og dei fekk 7 born. I 1774 døydde begge to av tyfus og sonen Ole Meldal Schøning tok over drifta 19 år gamal. Tre år seinare gifta han seg med tremenningen sin, Birgitte Sophia Jentoft. Dei fekk 6 born. Ole Meldal Schøning døydde av tuberkulose i 1785 og i 1793 blei Grøtøya avhendt ut av Schøning-slekta, til Andreas Falster.

Den eldste gjenlevande sonen til dei tidlegare eigarane på Grøtøya, Arent Schøning, hadde odelsrett på handelsstaden. Han bygde fyrst sin eigen handelsverksemd på Helnes i staden, der han hadde arva jord. I 1803 tok han att Grøtøya med odelsretten for 1 850 riksdalar.

Like etter år 1800 var det gode år for fisket og Arent fekk ein god start på verksemda si. I 1807 blei fisket dårlegare og i tillegg pågjekk Napoleonskrigane ute i Europa, noko ein også merka ringverknadar av i Nordland. Arent gav likevel ikkje opp og mot 1830 blei det lysare tider att og det blei etter kvart opna nye verksemder. I 1838 opna han dampskipruter mellom Trondheim og Hammerfest og same år blei D/S «Prinsk Gustav» bygd og kom til Grøtøy.

Handelsstaden la stadig nye gardar inn under seg og i 1839 blei også posten flytta til Grøtøya. Arent Schøning overdrog handelsstaden til sonene Søren og John Schøning i 1846, to år før han døydde.

Det nye føretaket[endre | endre wikiteksten]

I 1850 starta Søren og John Schøning føretaket «Arent Schønings Sønner». Dei hadde lite utdanning, men tok det att i praktisk røynsle. Søren Schøning var fyrst og fremst sjømann og sjøfart var det han i all hovudsak dreiv med. Han seila sjølv handelsskipa til Bergen for å avhende varer og til Lofoten for å kjøpe fisk.

Brørne starta med å utvide handelsstaden. I 1850 fekk dei bygd krambua og ei pakkebu på Manshausen. De bytta ut dei to jektene dei hadde – «Sophia Jørgine» og «Lykkens Prøve» – med galeasen «Falken» og galeasjekta «Carolina», som begge forliste i 1854 og blei erstatta av «Forsørget» og «Karen Dorthea» som begge var jekter. Seinare blei ein ny galeas kalla «Neptunus» kjøpt inn.

Dampskipet «John Schøning» som vert kalla opp etter John Schøning.

Føretaket dreiv nå i hovudsak med kjøp av fisk og tilverking av fiskeprodukt, særleg klippfisk. Dei blei også deleigarar av eit føretak i Lofoten som nytta seg av fiskeavfall.

I 1860 blei Steigen prestegjelds Sparebank oppretta på Grøtøya, med Søren Schøning som pådrivar. Same år blei det bygd eit losjihus på Grøtøy, som vert nytta av fiskarane når dei var på Grøtøya og venta på høveleg vær. Losjeringa stod Sophie Amalie, kona til Søren Schøning for. Til tider kunne det vere meir enn 1 000 innkvartert på Grøtøya.

Søren døydde i 1861 og John vert eineeigar av føretaket. Helsa hans var ikkje god og ansvaret blei for mykje for han. Han tilbydde difor sonen til broren Ole, Gerhard Schøning, stillinga som soussjef i føretaket.

Det var John som stod for bygginga av hovudgarden på Grøtøya, som står framleis. Den blei ferdig 1863. John stod også for å få et eige dampskip til handelsstaden, men han døydde like før det blei ferdigstilt. Skipet fekk namn etter han. Dampskipet «John Schøning» gav nye moglegheiter, også innanfor handelen. Tidlegare hadde handelsstaden berre kunne handle med Bergen og Trondheim, men nå vert rekkevidda utvida til hovudstaden Christiania.

Gerhard Schøning-perioden[endre | endre wikiteksten]

John var ugift og hadde difor ingen direkte arvingar. Sonen til Søren var ikkje interessert i føretaket og difor hadde John testamentert det til Gerhard Schøning, som allereie hadde drive det lengje. Gerhard tok over ei verksemd i vekst og det var også oppgangstider i Nordland. Storsildfisket slo til kvart år, noko som gav store inntekter og gode tider for handelsstaden.

Gerhard var også interessert i å framstille fiskeprodukta best mogleg og derfor reiste han til Tyskland for å studere betre metodar. I Tyskland fann han også ein marknad for varane til handelsstaden, og han byrja å eksportere direkte dit, heller enn via kjøpmenn i Bergen som tidlegare. Han ville vere minst mogleg avhengig av Bergen.

Drifta blei utvida og Grøtøy blei også grossist for andre små kjøpmenn i området. Gerhard fekk mura opp kai ved Manshausen, kor det blei reist et stort kol- og saltlager. Skip kom direkte hit frå eksporthamner i utlandet.

Dampskipdrifta blei utvida, dampskipet «Grötö» blei kjøpt inn, «John Skjønning» blei avhendt og erstatta med ein større med same namn. I 1876 låg det meir enn 500 fartøy i Grøtøysunda og i løpet av same sesong var det 1 524 båtar innom staden.

I 1873 blei det bygd telegraf på Grøtøy, bak hovudbygningen. Den gamle telegrafbygningen brann ned i 1907. Straks etter at den gamle brann blei ein ny reist. Denne overlevde den andre brannen i 1912 og står framleis på øya.

Også salt- og kollageret på Manshausen blei utvida og Manshausenbrygga vert bygd. Da den stod ferdig ein gong på 1870-talet, var den den største trebygningen nord for Trondheim.

Handelsstaden handla også vin og brennevin som blei kjøpt inn i store fat og tappa på flasker og avhenda i krambua.

Hus på Grøtøya, Manshausen og Naustholmen[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå eit av romma på hovudhuset på Grøtøy. På veggen heng måleri av nokre av dei som budde her, mellom anna Arent Schøning og kona hans Johanne Sophie Amalie. Biletet er frå februar 2011.
Foto: Dirk Kohlmann
Heimsundet med handelsstaden. Den gamle hovudbygningen til venstre.
Manshausenbrygga
Grøtøya

Hovudhuset blei bygd etter initiativ av John Schøning i 1863 og inneheld 22 rom. Byggverket er i tømmer og blei først reist i Namdalen, deretter blei tømmeret merka og flytta til Grøtøya. På framsida av huset er det ein altan på godt over 100 kvadratmeter.

Under den andre verdskrigen vert huset nytta av Narvik gamleheim som var blitt evakuert hit.

Hovudhuset er restaurert og framstår slik det var da handelsstaden gjekk konkurs i 1923. Dette gjelder både eksteriør og inventar.[3]

Villa Haugen var husvære for Arentine Schøning og blei reist i 1908. Under andre verdskrig vert huset nytta til barneheim. Villa Haugen blei rive i 1948. I 1998–2001 blei det bygd opp att frå det ein kunne finne av bilde og anna informasjon av Jan Peter og Sonja Krogh. Huset står no slik det gjorde da det blei reist, på de gamle grunnmurane.

Hellandshuset eller Helgelandshuset blei reist i den perioden Søren og John Schøning leia handelshuset, rundt 1860. Dette huset vert nytta av fiskarar som leide seg plass og overnatta samstundes som dei venta på å kunne reise over til Lofoten. Det var Sørens ektefelle Sophie Amalie som hadde det daglege ansvaret for dei som losjerte på øya. Hellandshuset brann ned i 1912.

Manshausen

Manshausenbrygga blei bygd av Gerhard Schøning og vert nytta til salt- og kollager. Bygningen var Nordlands største trebygning. Det blei rive ned ganske raskt etter konkursen. Brygga var 65 meter lang, 3 etasjar høg og hadde 5 heisetårn. Sildesaltinga gjekk føre seg her og tørrfisken blei også hengt opp og tørka i denne bygningen.

På Manshausen var det også eit bøkkarhus og eit trandamperi. Bøkkarhuset står framleis.

Manshausen blei kjøpt av Børge Ousland i 2010. [4]

Naustholmen

Nybutikken låg på Naustholmen og blei reist etter brannen i 1912.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Harald Nilsen side 9
  2. 2,0 2,1 Harald Nilsen side 10
  3. Befaring på Grøtøy Arkivert 2007-12-13 ved Wayback Machine. frå Kulturminnefondet
  4. Polfarer med øy i Steigen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]